Det er oppsiktsvekkjande at Statens Vegvesen, etter seks år med bruplanlegging og brumotstand, framleis ikkje veit kvar folk i Øyane går tur, badar eller brukar båtane sine.
Det er oppsiktsvekkjande at Statens Vegvesen, etter seks år med bruplanlegging og brumotstand, framleis ikkje veit kvar folk i Øyane går tur, badar eller brukar båtane sine.

Om workshop og offerroller

Det er ikkje greitt at ordføraren vår brukar ein retorikk som får oss, som kjempar mot dette, til å føla oss som overgriparar fordi me ytrar oss. Me er livredde, og kjempar som David mot Goliat, skriv Geir-Magne J. Moberg.

LESARBREV: Ordførar Marie Bruarøy kom i går med oppsiktsvekkjande ytringar i samband med idéverkstaden i Oseana. Ho seier rett ut at Folkeaksjonen kjem med truslar, og at ho finn dette på kanten. Om ho er rett sitert i Os & Fusaposten, opna ho med ei takk til dei frammøtte fordi det å stilla kunne – igjen i følgje ordføraren – vera ei personleg belastning for mange.

Dette er dessverre blitt typisk retorikk, som spesielt den politiske høgresida nyttar ganske ofte; nemleg å innta offerrolla når ein sjølv sit med makta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Brusaka er eit enormt ømtolig tema, der Marie Bruarøy, først som høgrepolitikar og sidan som ordførar, har vore kanskje den fremste representanten på ullen og tvitydig kommunikasjon. Langt på veg er dette hovudgrunnen til at stemninga er blitt såpass usikker og uroleg som den er.

Marie Bruarøy har frå dag ein sagt at ho er mot bru i Søre Øyane, og har vore den einaste som har gjeve lovnad om å lenka seg fast på Gulholmen om brua kjem. Ho er den fremste representanten for det einaste partiet, som garanterte i valbrosjyra at deira parti var det einaste rette om ein ikkje ønskte bru i Søre Øyane. Bruarøy er sjølv frå Søre Øyane, og folket opplevde det som ein garanti.

Likevel har Marie Bruarøy konsekvent stemt for at bruprosjektet skal gjennomførast i alle moglege samanhengar. Ho har vore den mest tydelege på at «toget har gått», og at me må gjera det beste ut av situasjonen.

Det er på tide å ta av seg silkehanskane no, og seia det rett ut: Folk føler seg rundlurt og svikta, og har difor inga tiltru til det politiske systemet og spelet i denne saka.

At det finst folk som er redde for å uttala seg i brusaka i frykt av represaliar frå motstandarane, er sjølvsagt ikkje bra, men dette er ingenting mot redsla til dei som er mot brua. Folk er livredde for heimplassen sin, for miljøet, turområdet og livsgrunnlaget og kva som no kjem til å skje.

Difor er dei med, og stiller opp for at brua ikkje skal koma, kjempar med nebb og klør og finn eit kvart holrom å tetta når det gjeld argumentasjon og legitimering av prosjektet. Dette som dei trudde politikarane våre skulle gjera.

Det er ikkje greitt at ordføraren vår brukar ein retorikk som får oss, som kjempar mot dette, til å føla oss som overgriparar fordi me ytrar oss. Me er livredde, og kjempar som David mot Goliat.

Til slutt er det og oppsiktsvekkjande at Statens Vegvesen, etter seks år med bruplanlegging og brumotstand, framleis ikkje veit kvar folk i Øyane går tur, badar eller brukar båtane sine. Dette skjer i Søre Øyane. Ein plass som er så liten, at det er knekkande likegyldig kvar ei monsterbru kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Geir-Magne J. Moberg

For styret i Folkeaksjonen mot bru over Bjørnafjorden