Unødvendig støy: Saka har skapt engasjement, harme, tvil, bekymring, forvirring og usikkerheit. Ho har forårsaka mykje unødvendig «støy» i kommunen.

Ope brev til Bjørnafjorden kommunestyre: Ta vare på innbyggjarane i kommunen

Eg sa opp jobben min og flytta til kommunen nettopp for å realisera livsdraumen min om å kunna leva av havet og ha eit godt, spennande liv med nærleik til naturen.

Nokre saker er viktige for mange. Nokre saker engasjerer mange. Nokre saker rører ved folkesjela og identiteten til mange. Nokre saker påverkar livskvaliteten til mange. Nokre saker påverkar allemannsretten og kystkulturen til mange. Nokre saker kan til og med påverke levebrødet til enkelte. Ei slik sak er saka om hummarfredingsområde i kommunen. Plan-, bygg- og miljøutvalet i kommunen ønsker at kommunestyret 31. mars skal gjere vedtak om å oppretta fredingsområde for hummar ved Vinnes og Røtinga.

Saka har skapt engasjement, harme, tvil, bekymring, forvirring og usikkerheit. Ho har forårsaka mykje unødvendig «støy» i kommunen. Dette til trass for at dei fleste innbyggjarane i kommunen i utgangspunktet synest at idéen om fredingsområde høyrest god ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så kvifor er det blitt slik?

I ei så viktig sak for mange, er det svært viktig at kommunen innhentar kompetanse når saka skal behandlast. Då må ein også inkludera innbyggjarane i kommunen som har interesser i og kunnskap om saka. Ved utgreiing av saka må ein ta initiativ til samarbeid både med faginstitusjonar og lokalbefolkninga. Samarbeid med, og innspel frå fleire vil alltid gje eit betre resultat med større forankring lokalt.

På Bjørnafjorden kommune sine nettsider kan ein lesa blant anna:

«Politikarane våre og vi som jobbar i kommunen ønskjer at alle skal kunna leva gode liv i Bjørnafjorden. Å leggja til rette for det, er hovudoppdraget vårt som kommune. Å skapa gode liv for alle er noko vi må samarbeida om og bidra til, alle vi som bur og arbeider i Bjørnafjorden.

Samfunnsoppdrag (misjon): Det gode liv for alle

Visjon: Eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping

Verdiar: Vi lyttar med respekt – Vi finn smarte løysingar – Vi gjer det vi seier – Vi er inkluderande»

Mykje av årsaka til at det har blitt som det har blitt, er at partane ho vedkjem, ikkje har blitt inkludert i saka. At alle parameter av betydning ikkje har blitt vurderte. Konsekvensane for innbyggjarane har ikkje blitt grundig nok formidla, for eksempel forbod mot fastståande reiskap i fredingsområda. Kommunen sine eigne visjonar og verdiar har kome i bakgrunnen. Gjeldande retningslinjer og lovverk for å ivareta innbyggjarane sine interesser og rettar i saka har vore mangelfull.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg har dei siste 10 åra jobba som yrkesfiskar i kommunen. Eg sa opp jobben min som forskar på Havforskingsinstituttet og flytta til kommunen nettopp for å realisera livsdraumen min om å kunna leva av havet og ha eit godt, spennande liv med nærleik til naturen. Bjørnafjorden kommune (og tidlegare Fusa kommune) har vore ein flott kommune å gjera dette i. Fiske er for meg nedarva i generasjonar og sit i ryggmargen. Eg har fiske i blodet. Eg har hatt eit godt liv som fiskar i kommunen og har ikkje angra på avgjerda, så langt.

For framtida vil eg på det sterkaste oppmoda kommunen til å gjera ei god vurdering i forkant av slike saker; om kven saka vedkjem, kven som må inkluderast og kva konsekvensar saka kan innebera. Dette for å få rett prosess i saka og god lokal forankring. I tillegg skal slike viktige saker bli sendt til lokal høyring før innstilling til vedtak blir skrive til kommunen, slik regelverket seier.

Eg er ikkje imot fredingsområde for hummar i kommunen, men svært skuffa over sakshandsaminga til kommunen. Eg har blitt usikker om kommunen tek vare på mine interesser som fiskar i kommunen, og fått bekymringar for framtida mi som fiskar i kommunen.

Eg oppmodar med dette kommunen til å ta godt vare innbyggjarane sine, slik at kommunen også i framtida er raus og attraktiv. Eg vil be om at kommunen startar saka på nytt og då med ei breiare tilnærming. Alle sine interesser og ønske må ivaretakast på ein best mogleg måte.

Det gode liv for alle.

Hallvard Godøy

Fiskar