Nynorsk: Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse og Alexander Fosse Andersen, leiar for Nynorskfylket Vestland og medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse.

Opplæringslova må sikre nynorskelevane!

Framlegget til ny opplæringslov løyser ikkje utfordringa nynorskelevar har med å få læremiddel og læringsressursar på nynorsk.

Vestland er det største nynorskfylket med over halvparten av alle nynorskelevane i Noreg, og svært mange av elevane i vidaregåande skule har nynorsk som hovudmål.

Skulekvardagen er utfordrande for mange nynorskelevar. Mange opplever at læremiddel ikkje ligge føre på nynorsk til same tid som på bokmål, og skriveprogram som skular nyttar seg av støttar ikkje nynorsk. Denne situasjonen er uhaldbar og undergrev nynorskelevane sin rett til å få opplæring på eige skriftspråk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
— Sjølvsagt må me vera glade i språket vårt i verdas største nynorsk-kommune

Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland difor er glad for at det i ny opplæringslov vert foreslått å innføre krav utan vilkår om at skulane skal bruke skriveprogram som støttar både bokmål og nynorsk. Likevel løyser ikkje framlegget til ny opplæringslov utfordringa med svært mange læringsressursar berre på bokmål.

Nynorskelevane fortener ein skulekvardag der dei som nynorskbrukarar vert tekne vare på og vert sikra dei same rettane som bokmålselevar, også i ein meir digital skule. Læringsressursar utvikla for bruk i opplæringa må difor få krav om å kome på bokmål og nynorsk til same tid og pris.

Slik situasjonen er rundt om i norske klasserom, meiner hovudutvalet for opplæring og kompetanse at det er trong å lovfeste parallellkrav til læringsressursar utvikla for bruk i skulen.

Hovudutval for opplæring og kompetanse

Vestland fylkeskommune

Denne uttalen frå hovudutvalet blir sendt til kunnskapsminister Tonje Brenna og alle partigruppene på Stortinget, som skal vedta den nye opplæringslova.