Arven: Svein Arne Myhren og underteikna er dei som er att av det siste interimsstyret. Me har drøfta kva me skal gjera med arven etter Fusa kulturminnelag.

Oppløysing av Fusa kulturminnelag

Me trur at Fortidsminneforeininga i Bjørnafjorden kan vera ein god arvtakar etter Fusa kulturminnelag.

Fusa kulturminnelag vart skipa i 1985. I fleire år hadde det vore snakk om å skipa eit sogelag i Fusa. Då det vart eit kulturminnelag – det fyrste i sitt slag i Noreg – var det fordi ein ynskte å famna om kulturminne i vid tyding: Bygg, infrastruktur og lokalhistorie.

Stor aktivitet

Petter Grimsgård, Margit Gjøn, Olav Hauge og ikkje minst Anders Kåre Engevik var sentrale i skiping og drift av laget. Laget var svært aktiv utover i 1980- og 90-åra. Kulturturane til kulturminnelaget var svært populære. Mellom anna vart det skipa turar til helleristningane på Samnøy, Sørtveithelleren, Yddal, Kikedalen og på postvegen mellom Fusa og Strandvik. Det vart gitt ut eit eige hefte om både postvegen og Drageidkanalen. Tidskriftet «Fusa før i tio» kom ut med fleire nummer med ymse lokalhistoriske artiklar. Kulturminnelaget var medskipar i Stiftinga Vinnesholmen og aktivt i samband med skipinga av Norsk kulturarv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nedgangstider

Det vart etter kvart vanskeleg å rekruttera både medlemer til styret og til å skriva artiklar i «Fusa før i tio». Utan eit aktivt styre, vart det også slutt på aktivitetar i laget. Det vart gjort fleire forsøk på å få laget på beina att, utan å lykkast. Dei siste 10-15 åra har det ikkje vore aktivitet i laget.

Arven og vegen vidare

Svein Arne Myhren og underteikna er dei som er att av det siste interimsstyret. Me har drøfta kva me skal gjera med arven etter Fusa kulturminnelag. Det viktigaste som er att er det kulturminnelaget gjorde med å ta vare på kulturarv og kulturminne i Fusa. Men det er også att ein god slump pengar – om lag kr 156 000. Desse midlane bør aktiverast til beste for kulturminne i vid tyding, i tråd med intensjonen ved skipinga av Fusa kulturminnelag.

Me ser det ikkje som realistisk å vekkja Fusa kulturminnelag opp av dvalen. Me har vore innom å setja midlane av på eit fond. Utfordringa vert då kven som skal forvalta fondet. Me har òg sett på kva lag som kjem nærmast til intensjonen med Fusa kulturminnelag. Me har kome til at det vil vera ei god løysing å overføra midlane til Fortidsminneforeininga i Bjørnafjorden.

Fortidsminneforeininga hadde lokallag både på Fusa og i Os, men har no slått seg saman til eit felles lag for Bjørnafjorden. Fortidsminneforeininga på landsbasis er mest kjent for å eiga og å ta vare på nasjonale kulturbygg. I Bjørnafjorden gjeld det Lysøen og Holdhus gamle kyrkje. Lokalavdelinga i Bjørnafjorden støttar opp om arbeidet med bygga, men har som mål å arbeida med vern og informasjon om kulturminne langt ut over desse bygga. Dei arbeider til dømes for tida med ei vandring på postvegen mellom Fusa og Strandvik i september. I den samanheng kan det bli aktuelt å gje ut på nytt heftet som Fusa kulturminnelag fekk trykt i si tid.

Me trur difor at Fortidsminneforeininga i Bjørnafjorden kan vera ein god arvtakar etter Fusa kulturminnelag. Når midlane vert overførde, skal det liggja som ei føring at dei vert nytta i tråd med intensjonen til Fusa kulturminnelag: Til beste for kulturminne i Fusa i vid tyding.

Terje Raunsgard