DEBATT

Opsjonsavtalen for hotelltomta – eit knefall for utbyggarane

No har vi fått lese opsjonsavtalen som Bjørnafjorden kommune og Osøyro Eiendomsutvikling har skreve under på. Då sit vi igjen med eit stort spørsmål:

Korleis har utbyggarane klart å overtyda det politiske miljøet i Bjørnafjorden om at dei treng økonomisk hjelp frå kommune om dei skal bygga på tomten?

Her er fakta som kjem fram i avtalen:

 1. Kjøpesummen er den same som Os kommune gav i 2013.

Normalt ville verdien på ein slik eigedom økt med minst 3 % per år. Då er det sannsynleg er det at det vart betalt alt for mykje for tomta i 2013. Uansett – kommunen har tapt pengar på dette tomtekjøpet.

2. Om utbyggarane bygger hotell, slipp dei å betala nesten heile kjøpesummen med ein gong. Dei skal betala først om 5 år. Dei får i røynda eit billeg lån på meir enn 22 millionar av kommunen i 5 år.

3. Bjørnafjorden kommune pliktar seg til å betala dei først 6 millionane av forbetringsarbeid som på gjerast på vegen inn til området. Blir arbeidet dyrara enn 12 millionar, skal dei betala halvparten av summen over 12 millionar. Kostar dette arbeidet til dømes 20 millionar så må kommunen ut med 10 millionar av dette. Kostar det 30 millionar må dei ut med 15 millionar.

Det kan seiast mykje anna om opsjonen. Vi vil berre ta med eit sitat frå avtalen, første side nederst på arket:

«Utviklerne har sagt seg villig til å forsøke å utvikle et hotellprosjekt på eiendommen i tråd med Selgers ønske og formål beskrevet over.»

Kommentarer

Formålet er kort fortalt at Os sentrum skal få eit hotell med gode fasilitetar kopla saman med Oseana. Det står heldigvis ikkje noko om at det skal væra eit femstjerners hotell, ha minst 200 rom og gå 40 meter til værs. 

Slik vi har tolka det, ville politikarane i Os ha eit mindre hotell. Det kunne nok utbyggarane hatt bruk for økonomisk hjelp til. Eit hotell av den kaliberen dei nå vil bygga treng dei neppe økonomisk hjelp til. Det er i seg sjølve et milliardprosjekt. 

Her er det kun snakk om profittmaksimering - vil vi tru.

 Konsekvensane

Om kommunen lar dei byggja hotellet dei no foreslår, får utbyggarane både i pose og sekk på bekostning av oss minst 150 hustandar som bur nære til hotellet og alle andre som er glade i Mobergsvikjo og Osøyroområdet. 

Eit slikt bygg vil for alltid endre bygdas sentrum og verta ein målestokk for kva som vert tillate i framtida. Det er skremmande!

Knut Natvik 

Leiar

Truda Lunde 

Nestleiar

Laila Moberg 

Styremedlem

Renée Førde Bernsen

Styremedlem

Foreninga Midtskogen vel

 

 

Powered by Labrador CMS