Ubrukeleg: Gjeldande plan er frå 2012, men byggjer på lovverket frå 1985. Det betyr at han er utdatert og i stor grad ubrukeleg.

Ordføraren var takksam. Søviknes kalla det knefall. Kven har rett?

Ein arealplan kan på mange måtar samanliknast med innlevering av eit gruppearbeid - med karakter. Andre har bestemt kva du skal levere, og løyser du ikkje oppgåva godt nok, får gruppa stryk.

I Os & Fusaposten 24.01.2022 står det at ordførar Lindborg er takksam for at framlegg til kommunedelplan for Bjørnafjorden vest vart godkjent i kommunestyret 20.01, mens Søviknes kallar det eit knefall for Statsforvaltaren. Kven har rett?

Her i huset hadde vi i løpet av skuleåra lange diskusjonar om lekser. Argumentasjonen gjekk i frå at det var meiningslaust, kjedeleg, noko nokon hadde kome på for å plage ungane og så vidare. Som foreldre prøvde vi fleire ulike strategiar. Inn i mellom var vi støttande og forståingsfulle, mens andre gonger var vi lei og sa at det var deira framtid og at det var dei det gjekk utover om dei ikkje gjorde leksene. Inn i mellom klarte vi å smette inn at dei på det tidspunktet ikkje var i posisjon til å endre den nasjonale leksepolitikken og at viss dei ønskte det, så måtte dei jobbe for å kome i ein slik posisjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein arealplan kan på mange måtar samanliknast med innlevering av eit gruppearbeid - med karakter. Andre har bestemt kva du skal levere og løyser du ikkje oppgåva godt nok, får gruppa stryk (eller motsegn som det heiter i denne verda). I Bjørnafjorden har vi politikarar som meiner at dei sjølve bør få utarbeide oppgåveteksten. Andre likar ikkje gruppearbeid og deltar ikkje. Dei fleste syns at oppgåva er vanskeleg, men innser at dei må prøve å sikre seg ein ståkarakter. Atter andre går for toppkarakter og vil ikkje vere med på gruppearbeidet om dei andre legg lista for lågt.

Om arbeidet med arealplanen berre var ei teoretisk øving som ikkje får konsekvensar for nokon utanfor gruppa, så kunne dei drive på i det endelause for min del. Problemet med denne planen er at den er avgjerande for kva vi saman kan få til i kommunen.

Gjeldande plan er frå 2012, men byggjer på lovverket frå 1985. Det betyr at han er utdatert og i stor grad ubrukeleg. Verda har endra seg og vi står overfor heilt andre utfordringar no enn då. Så lenge oppgåveteksten seier at det er dagens utfordringar vi skal svare på, så må kommunane følgje opp. Alternativ er å nekte, med det resultatet at ting stoppar opp. Det er ingen tent med, verken innbyggjarar, grunneigarar eller næringsliv.

Difor er det godt at det endeleg er gjort eit vedtak.

Når det er sagt, så kan ein stille spørsmål til om Statsforvaltaren legg lista for høgt for kommunane. Kanskje tida er mogen for å ta ein offentleg diskusjon om korleis overordna mål og føringar best kan tilpassast lokale forhold. No brukar aktørane mykje tid på nye utgreiingar og ekstrarundar mens ein ventar på at nokon vågar å ta ei avgjer.

Resultatet er at berre dei aktørane som er ved god helse og har god økonomi orkar å gå i gang med gode prosjekt. Dette tener ingen, og det er difor på tide at nokon som er i posisjon til det, tar ein prat med dei som bestemmer.

Imens får vi andre prøve å løyse oppgåvene så godt vi kan og ta ein tur på fjellet når det er i ferd med å koke over i topplokket.

Aina Tjosås

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnsengasjert innbyggjar