Rolegare og meir harmoniske barn: Koronapandemien har gjeve oss ein smak av korleis barnehagen hadde vore dersom bemanningsnorma gjaldt heile dagen, skriv Utdanningsforbundet Bjørnafjorden i dette lesarbrevet.

Positive erfaringar med «koronabarnehage»

Dei tilsette opplevde at dei hadde meir tid til barna, og barna var rolegare og meir harmoniske enn tidlegare. Det vi har erfart no er ein smak av korleis barnehagen hadde vore dersom bemanningsnorma gjaldt heile dagen.

Det har vore ein spesiell vår for alle i år. Samfunnet vårt er ramma av ein pandemi og regjeringa har måtte innføra strenge smitteverntiltak. Smitteverntiltaka har vore i stadig endring, og vi har nok alle kjent litt på frykt og usikkerheit i denne tida. No er samfunnet på veg tilbake til meir «normale» former igjen, og enn så lenge er heldigvis smittetala lave.

I barnehagane i Bjørnafjorden kommune, både private og kommunale barnehagar, har ein gjort seg fleire erfaringar i denne tida. Vi som tilsette i barnehagane har kjent på ansvaret vi har for å forhindra smitte mellom barn og familiar og vi har vore redde for å bli smitta sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då vi opna barnehagane i kommunen 20. april, var det med ein heilt ny smittevernrettleiar som utgangspunkt for drifta. Barna skulle frå og med 20. april delast i mindre kohortar med faste vaksne og reinhaldet måtte fokuserast ekstra på. For å kunna klara å gjennomføra dette såg ein behov for å korta ned opningstida for å ha nok vaksne til stades med barna.

Erfaringane vi har gjort oss med denne type drift er positive. Barna er organisert i små grupper med faste vaksne og vi har meir tid ute enn tidlegare. Dei tilsette opplevde at dei hadde meir tid til barna. Det vi såg var at barna var rolegare og meir harmoniske enn tidlegare. Det vart og færre konfliktar mellom barna. Barnehagedagen er mindre prega av stress og støy, både for vaksne og barn.

Det vi har erfart no er ein smak av korleis barnehagen hadde vore dersom bemanningsnorma gjaldt heile dagen. Vi tilsette håpar at erfaringane vi har gjort oss i denne tida blir tatt med i debatten når ein planlegg drift av barnehage framover.

Nok vaksne til stades med barna er viktig for kvaliteten på barnehagetilbodet. Å oppfylla bemanningsnorma heile dagen vil gje barna ein betre kvardag og dei tilsette betre arbeidsvilkår.

Utdanningsforbundet Bjørnafjorden

Leiar, nestleiar og tillitsvalte i barnehagane