Langsiktig: Då Os kommune investerte i nye bølgjebrytarar, låg det ein langsiktig plan bak investeringane.

Potensialet i Os hamn

Os hamn har framleis eit stort potensiale. Dessverre er ikkje dette tatt ut dei siste åra.

Då Os kommune investerte i nye bølgjebrytarar, låg det ein langsiktig plan bak investeringane. Vi skulle ta ut potensialet i Os hamn, og ta opp konkurransen med populære gjestehamner som Rosendal, Leirvik og Bekkjarvik.

Os hamn har eit stort potensiale med nærleiken til Bergen, og fantastisk utsikt over Bjørnafjorden og Folgefonna. Her ligg det til rette for fleire båtplassar, utleige av båtar, vannscootarar og paddleboard, fiske, Oselvar-segling, kajakk osv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi har absolutt potensiale for å utvikla eit komplett reisemål både for turistar og innbyggjarar i bergensregionen. Populariteten til bubilcampen på Haugsneset har vist oss kva perle vi eigentleg sit på. Badstua som no kjem der ute vil forsterka attraktiviteten, og i Mobergsvikjo kan vi legga enda meir til rette med t.d. nytt stupetårn for ungdommen.

Kommunen sit etter Frps syn på nøkkelen til å ta ut potensialet i Os hamn.

Til dømes har kommunen løyve til om lag 100 båtplassar framfor Os Sjøfront. Her kunne kommunen fått inntekter frå både gjestehamn og faste båtplassar. Og løyvet kan leigast ut til private aktørar, slik at kommunen ikkje treng å bruka eigne investeringsmidlar. P.t. har ikkje kommunen tatt ut dette potensialet. Her har ein openbart eit inntektspotensiale i ein trong kommuneøkonomi.

Og inntektene frå båtplassane kan til dømes reinvesterast i ny kaifront på utsida av den gamle moloen i Os hamn. Dette kan igjen gje grunnlag for meir fjordcruise ut frå Osøyro, og rom for større cruiseskip som kan ankra opp ute i fjorden og nytta mindre båtar inn til kai. Dette gjev også inntekter til hamna. På Leirvik i Stord har dei testa dette ut i sommar, og erfaringane er særs positive for kultur- og næringslivet på Leirvik.

På litt lengre sikt kan areala langs heile gjestebryggja utviklast med parkområde, restaurant- og servicenæringar og bustader. Kommunen har over tid vore i dialog om å flytta Esso-stasjonen Lyseparken, noko som vi gje heilt nye utviklingsmoglegheiter for Osøyro.

I Bjørnafjorden Frp har vi tru på at utvikling av Os Hamn er nøkkelen til å gjera Osøyro meir attraktiv. Ny aktivitet vil gje grunnlaget for nye handels- og tenestetilbod i heile sentrum. Dette er ein vinn-vinn situasjon for næringslivet, Oselvarverkstaden, Oseana kunst- og kultursenter og eit evt. nytt hotell v/Oseana.

I kommande valperiode vi Bjørnafjorden Frp setja fart på dette arbeidet, og målet er at vi i samarbeid med private kan utvikla Os hamn til den mest attraktive gjestehamna i bergensregionen. Og det utan at det treng å kosta mykje for Bjørnafjorden kommune.

Vi vonar du vil støtta oss i denne visjonen, og at du stemmer Frp på måndag. Vi må ta eit skikkeleg grep for å få fart på utviklinga av Osøyro og kommunen. Godt val!

Artikkelen held fram under annonsen.

Terje Søviknes (Frp)

Ordførarkandidat