Foreslår alternativ plassering: Kommunen kan ikkje gå vidare med planane om pumptrackbane på Leiro.

Pumptrackbane på Leiro: Vi legg den død!

Det er mange lover og reglar som styrer akkurat dette området, som er juridisk bindande.

Pumptrackbane på tusenårsstaden i Eikelandsosen? Då seier eg som Jon Almås i TV-programmet, «Vi legg den død!».

Då av den enkle grunn at det er mange lover og reglar som styrer akkurat dette området, som er juridisk bindande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Først og fremst for at valt plass ligg innanfor utilgjengeleg strandsone, og her er det ikkje lov å byggja eller føreta tiltak.

Vi har også helsestyresmaktene sin rettleiar for støyvurdering ved etablering av nærmiljøanlegg.

I tillegg kjem arealplanen for eit sentrumsområde i Eikelandsosen, og ein tusenårsstad. Kva er og skal det vera? Og til slutt dei trafikale forholda på Leiro.

Så vi legg den død!

Kvar skal då pumptrackbanen liggja?

Då kan ein gå tilbake til tankane som var kring eit oppvekstsenter for ein del år tilbake. Målet var å samla barnehage, skule, SFO og idrettsanlegg innanfor same geografiske område, så dei kunne samarbeida betre på tvers av aldersgrupper, nytta same uteområde og dela på utstyr — og ikkje minst knyta born og unge saman i eitt miljø.

Det bør leggjast stor vekt på å vidareføra denne intensjonen og leggja pumptrackbanen til eit oppvekstsenter på denne sida av fjorden. Os har fått ein tilsvarande bane, på si side.

Ein bør la dei ulike oppvekstsentera søkja og så må kommunen gjennomføra ei brei utgreiing av plassering med tanke på støy, arealplanar, omsyn til bustader, trafikktryggleik og andre utfordringar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alt i alt sikra god kommunikasjon og finna den best eigna staden der pumptrackbanen kan nyttast av barnehage, skule, SFO og andre på fritida, slik at banen kan tena føremålet best mogleg.

Eg er open for innspel og andre synsvinklar, så oppdater meg gjerne og belys meg. Gje meg kunnskap til å forstå, det eg ikkje forstår.

Line Solberg

Leiro