Raskast mogleg: Bjørnafjorden Frp ser difor fram til den vidare prosessen, og at vi raskast mogeleg kan få ferdigstilt gode omsorgsbustader i den gamle sjukeheimen på Lurane.

Raskast mogleg ombygging av gamle Os sjukeheim

Frp meiner vi allereie no bør gå i gang med planlegging av framtidig bruk av sjukeheimen til omsorgsføremål.

Bjørnafjorden kommunestyre handsama torsdag vidare utvikling av den gamle delen av Os sjukeheim. Innstillinga frå administrasjonen var å koma attende til saka i 2024, men sikte på rehabilitering til eit konsept med Omsorg+-bustader i 2025-26.

Frp meiner vi allereie no bør gå i gang med planlegging av framtidig bruk av sjukeheimen til omsorgsføremål. I tillegg til eit Omsorg+-konsept bør ein også vurdera om det kan leggjast inn fleire sjukeheimsplassar i bygget. Behovet for fleire heildøgnsplassar er allereie stort innan eldreomsorga, og vil auka ytterlegare i åra framover. Per august 2022 syner Helsedirektoratet sin oversikt at 17 personar i Bjørnafjorden står på venteliste for langtids sjukeheimsplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen har trong økonomi no, men store delar av investeringskostnaden knytt til ombygginga på sjukeheimen bør vera sjølvfinansierande med tilskot frå Husbanken og husleige. Utfordringa ligg som alltid i kostnadene knytt til drift av heildøgnsplassane. Dette må difor utgreiast vidare.

Bjørnafjorden Frp fremja difor eit forslag i kommunestyret om at ein straks går i gang med planlegging av ombygginga ved Os sjukeheim, samt at det vert sett ned ei styringsgruppe som kan leia arbeidet. Etter drøfting i kommunestyret vart det semje om at formannskapet kunne fungera som styringsgruppe, og at konsept for ombyggingsprosjektet skal vera klart hausten 2023. Frps framlegg vart til slutt vedtatt med 31 mot fire røyster (SV, MDG).

Eldreomsorga har alltid hatt førsteprioritet for Frp. Bjørnafjorden Frp ser difor fram til den vidare prosessen, og at vi raskast mogeleg kan få ferdigstilt gode omsorgsbustader i den gamle sjukeheimen på Lurane.

Terje Søviknes

Gruppeleiar Bjørnafjorden Frp