Nei: Er dette ei lovpålagt oppgåve? Nei. Bør vi slutta å gjera alt som ikkje er lovpålagt? Nei.

Redningsdykkartenesta – når det står om sekund!

Når du står på neset og snur deg rundt og ikkje lenger kan sjå femåringen din, vil du då tenkja at det er fornuftig, ja, til og med ansvarleg av kommunen å kutta den tenesta som kan hjelpa deg?

I Bjørnafjorden har vi vore heldige. Vi har ei redningsdykkarteneste. Som éin av 20 brannstasjonar i Noreg har vi operative redningsdykkar som til ei kvar tid kan rykkja ut frå stasjonen på Moberg. Når ulukka er ute og kanoen med born veltar i sundet, eller vaksne går på grunn i høg hastigheit i mørket, er dei forulykka og deira pårørande heldige som veit at nokon kjem. Og dei som kjem, er dyktige og kan gjera ein innsats både over og under vatn.

Er dette ei lovpålagt oppgåve? Nei. Bør vi slutta å gjera alt som ikkje er lovpålagt? Nei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når du står på neset og snur deg rundt og ikkje lenger kan sjå femåringen din, vil du då tenkja at det er fornuftig, ja, til og med ansvarleg av kommunen å kutta den tenesta som kan hjelpa deg? Ho er jo tross alt ikkje lovpålagt.

Men kan ikkje nokon andre gjera den jobben då? Kva med Bergen? Jau. Rett nok har Sandviken stasjon i Bergen redningsdykkarar. Og rett nok vil dei òg bli varsla ved behov. Men så var det desse sekunda, då.

Redningsdykkarar frå Bergen kan bli flydd ut av luftambulansen. Dette tek likevel tid. Utstyr skal pakkast. Helikopter skal klargjerast. Og ikkje minst, vêret må spela på lag.

På toppen av dette er ein avhengig av at deira personell ikkje er ute på andre oppdrag. Og om uflaksen er ute, helikopteret er på oppdrag, er køyrevegen på 30 minutt.

Om ein fjernar redningsdykkartenesta i Bjørnafjorden, vil nedslagsfeltet til Sandviken stasjon dekkja frå Stad i nord til Haugesund i sør. Risikoen for såkalla samtidigheitskonflikt er stor.

Tenesta på Moberg består i dag av sju redningsdykkarar og to dykkeleiarar. Desse er alle tilsett i ei 2% stilling. Dette inneberer i praksis at dei får 35 viktige øvingstimar i året, i tillegg til utrykningane dei er ute på.

For å bli redningsdykkar må ein gjennom tøffe opptak som er krevjande både fysisk og psykisk. Dersom ein klarer dette, ventar omfattande og dyr opplæring som gjev kompetansen til å vera redningdykkar.

For ei 2% stilling seier det seg sjølv at dette er høgt motiverte personar som ønskjer å yta sitt yttarste for at eg og du skal ha ein tryggare kommune å bu i.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til saman kostar denne tenesta beskjedne 300.000 kroner i året, eller om lag 1% av budsjettet til Bjørnafjorden brann og redning.

I budsjettkonferansen tidlegare i haust spurde kommunedirektøren retorisk «Kva får ein ikkje att om ein puttar pengar i frivilligheita?». Eg treng ikkje spørja, for eg veit kva ein får ved å putta litt midlar i ei eksisterande redningsdykkarteneste. Vi får tryggare badestrender. Tryggare kaiar. Tryggare ferdsel på sjø, i vatn og langs elv. Vi får kompetent, operativt og godt trent personell som er der for deg og dine når det verst tenkelege skjer.

Om ein legg ned redningsdykkartenesta i dag, er det svært usannsynleg å få denne att. Det vil kosta enorme summar å kjøpa inn alt utstyret som finst her i dag, og å utdanna og trena opp nytt mannskap.

Redningsdykkartenesta i Bjørnafjorden har ei historie som strekkjer seg 30 år attende i tid. Kompetanse og erfaring tek tid å opparbeida. På 90-talet byrja engasjerte brannmannskap å rykka ut med sitt eige, private utstyr.

I 2001, med hjelp frå mellom anna Terje Søviknes og Frp, blei tenesta profesjonalisert. Vil same mannen og same partiet no vera dei som fjernar denne tryggleiken?

Morten André Moberg

Fagansvarleg redningsdykking

Bjørnafjorden brann og redning