Helgetun: GC Rieber Fondene har realisert Helgetun som ei seniorbustadkonsept i Sædalen i Bergen.

Rehabilitér gamle Os sjukeheim

Om Frp vinn valet 11. september er dette ei av dei første sakene vi vil ta tak i.

Bjørnafjorden kommune er inne i ein utfordrande kommuneøkonomi. Dette råkar diverre også helse- og omsorgssektoren. Men sjølv om det no pågår tøffe og krevjande omstillingsprosessar innan omsorgstenestene, må vi også tenkje langsiktig. Spesielt gjeld dette innan eldreomsorga, der vi veit at Bjørnafjorden vil få langt fleire eldre dei kommande åra.

Heldigvis er dei fleste eldre friske, aktive og ved god helse, men med fleire som lever lenger, vil behovet for omsorgstenester også auka sterkt. Ikkje minst ser vi ein auke i kognitiv svikt og demensdiagnosar. I formannskapet 20.juni fekk vi t.d. informasjon at det på det tidspunktet var 28 personar i Bjørnafjorden som stod på venteliste for langtids sjukeheimsplass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden Frp går difor til val på at vi snarast må rehabilitera gamle Os sjukeheim med omsorgsbustader, Omsorg+ og eventuelt sjukeheimplassar. Bygget har stått meir eller mindre tomt sidan vi opna siste byggetrinn på Lurnetunet i 2017. No må det fyllast med aktivitet igjen, og dersom vi primært byggjer det om til omsorgsbustader, treng ikkje belastninga på kommuneøkonomien bli så stor. Om Frp vinn valet 11. september er dette ei av dei første sakene vi vil ta tak i.

Med dårleg kommuneøkonomi må vi også tenkja kreativt om framtidas eldreomsorg. Nyleg vitja representantar frå Bjørnafjorden Frp seniorkonseptet Helgetun i Sædalen. Her har stiftinga GC Rieber Fondene etablert eit pilotprosjekt med 31 seniorbustader, eller som dei sjølve omtaler det; «et sosialt eksperiment – der målet er at beboerne skal holde seg psykisk og fysisk friskere, ha lavere medisinbruk og bli boende hjemme lenger enn gjennomsnittet».

På besøk: Ein delegasjon frå Frp vitja nyleg Helgetun og initiativtakar Christian Rieber. F.v. Gustav Bahus, Christian Rieber, Terje Søviknes og helsepolitisk talsmann i Frp, Bård Hoksrud.

Helgetun ligg i naturskjønne omgjevnader i Sædalen utanfor Bergen, og alle husværa har livsløpsstandard med balkong eller uteplass. I tillegg har ein felleshus, parsellhage og nabogard. Dei første leigetakarane flytta inn i 2019, og ventelista er lang. Bebuarane leiger sine bustader, slik at alle har råd til å bu der utan å setja seg i gjeld. Målgruppa er seniorar i alderen 65+ som ynskjer å bu nær likesinna og kanskje delta i fellesaktivitetar.

På Helgetun er det lagt opp til ein aktiv, sosial og trygg kvardag med høve for fellesaktivitetar og friluftsliv. Det er m.a. etablert eigen parsellhage, drivhus, bridgeklubb, fellesmiddag, turgruppe, dans og kor.

Frp meiner vi har potensiale for at private kan byggja ut slike konsept også i Bjørnafjorden. Kanskje knytt til sentrumsområda Osøyro og Eikelandsosen, men den kommunale eigedomen på Askviknes er også eit spanande alternativ. På Askviknes lanserte Frp i 2019-valkampen visjonen om Askvikhagen Omsorgssenter med fokus på demensomsorg. Kanskje kan eit privat seniorbustadkonsept vere eit 1.byggjetrinn i påvente av at kommuneøkonomien betrar seg?

Eldreomsorga har alltid vore ei hovudsak for Frp. Slik vert det også om vi kjem i posisjon i den kommande fireårsperioden. Stem trygt i år – stem Frp lokalt!

Terje Søviknes (Frp)

Ordførarkandidat

Artikkelen held fram under annonsen.

Laila Reiertsen (Frp)

2. kandidat

Gustav Bahus (Frp)

4. kandidat