Tida er komen: Me minnest periodar med overfylte lammekjøtlager, gibort-prisar på bonden sine varer og kasting av god mat. Det synleggjer at tida er komen for nærare og meir direkte kontakt mellom bonde og kunden som ynskjer kvalitetsmat til rett pris.

Rekoring - positivt og framtidsretta

Etableringa av rekoringar synleggjer ein tydeleg og veksande tendens i tida med grobotn i samanfallande interesser mellom forbrukar og matprodusent.

Me opplever aukande fokus på kortreist mat. Folk likar å sjå og vita om tilhøva maten dei kjøper er dyrka under. Jordbrukaren set pris på tettare kontakt med matkjøparen. I tillegg opnar slik kontakt for ein nærare og vidare marknad, og det er verdfullt i ei tid då jordbruket er under press frå mange kantar. Framveksten av rekoringar kan såleis knytast både til samfunnsrelaterte faktorar medan andre trådar peikar mot landbrukspolitiske ting.

Mellom anna på sjølvforsyning. Koronaen har vist at me i framtida bør prioritera auka sjølvbergingsevne, også når det gjeld mat. Endå om matministeren seier seg nøgd med sjølvforsyninga av såkalla basal-mat, er situasjonen likevel at me lever med ei sjølvberging på kring 40 %. Og det held ikkje. Ei løysing for å auka sjølvberginga er å leggja til rette for å ta unytta ressursar i bruk. For dei fins; på nedlagde distriktsbruk, på gardar drivne på sparebluss, på unytta beiteressursar og i tillegg på hagejord og grøntareal innanfor bygrenser. I eit slikt bilete blir rekoringar verdfulle element.

Artikkelen held fram under annonsen.

I forlenging av det med sjølvberging og ressursutnytting, er det relevant å peika på at grunnplanken i norsk jordbruk spring ut frå små og mellomstore bruk, og ein stor del av matproduksjonen skjer framleis der. Og endå om den siste korona-påverka jordbruksavtalen var eit lite steg til gunst for små og mellomstore bruk, er det likevel klårt at styresmaktene dei siste 60-70 åra har stimulert og heia fram stordrift. Det er gledeleg at Norges Bondelag no har endra spor til fordel for dei mellomstore bruka. Men det triste er at dei var i front ved leiar Hans Haga då stordrift for alvor blei sett på dagsorden. Dette har ført jordbruket inn i strukturendringar fram mot industrilandbruket som dominerer i dag.

I dag lever bonden under stort press om å produsera mest mogleg på kortast mogleg tid til lågast mogleg kostnad. Det er så nådelause rammer å operera innunder at mange har sett seg nøydde til å kasta korta. På same tid som det tvingar fram alternative måtar å dyrka jord og produsera mat på; mot meir naturnært jordbruk som byggjer på naturlege vekstprosessar og ikkje på kjemi og overdriven mekanisering som er drivarane i industrilandbruket. I staden naturnært jordbruk med fokus på det jordbruk handlar om, nemleg å dyrka jorda og å ta vare på myriadane av liv som fins mellom mikroorganismane i molda og som skaper optimale veksttilhøve.

Dei aktuelle rekoringane lyt ein også sjå med landbruksmarknaden som bakteppe. Stordriftsatsinga har ført til sentralisering av samvirkebedrifter og matproduksjon. Marknadsreguleringa av jordbruksvarer er vanskeleg og er tidvis ute av kontroll. Me minnest periodar med overfylte lammekjøtlager, gibort-prisar på bonden sine varer og kasting av god mat. Det synleggjer at tida er komen for nærare og meir direkte kontakt mellom bonde og kunden som ynskjer kvalitetsmat til rett pris. I eit slikt perspektiv verkar rekoringane å vera framtidsretta, og evnar kanskje i tillegg i lys av alt me vel å bruka pengar på, å bryta den paradoksale trenden som framstiller livsnødvendig mat i rekkja av billegvarer.

Lars Olav Fatland