Ekstra vanskeleg: Våre ukrainske bjørnafjordingar har det ekstra vanskeleg no. Dei uroar seg over familie og vener på flukt.

Saman for Ukraina

Det utenkjelege har skjedd. Uverkelege bilete rullar over tv-skjermane i dei varme stovene våre.

Det er krig i Europa.

Putin og Russland har invadert Ukraina.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er tilstandar der ute, me ikkje skulle tru me skulle måtte oppleve på vårt kontinent i 2022.

Eit grovt brot på folkeretten, og eit angrep på uskuldige menneske. Familiar drar no frå heimane sine, ut i den ukjende og utrygge verda. Ein straum av flyktningar frå Ukraina er på veg mot EU, og mot Norge. Statsminister Jonas Gahr Støre er klar på at Norge skal ta sin del i samarbeid med andre europeiske land.

Våre ukrainske bjørnafjordingar har det ekstra vanskeleg no. Dei uroar seg over familie og vener på flukt. No er det viktig å vere eit godt medmenneske, lytte, og vise rausheit.

Samtidig veit me at våre russiske innbyggjarar også står i ei krevjande tid, desse treng og ei utstrakt hand.

Kva kan me gjere i Bjørnafjorden?

I 2020 gjorde kommunestyret i Bjørnafjorden vedtak på å ta i mot 80 personar med flyktningbakgrunn i perioden 2020-2023, altså 20 kvart år. Dette i tråd me oppmodinga frå IMDI.

Til liks med Bergen som uttrykkjer at dei vil, og kan skalere opp kapasiteten på ståande vedtak, ynskjer Bjørnafjorden Arbeidarparti å ha opp ei sak i kommunestyret om å auka talet flyktningar me kan ta imot for å dekke krisa i Ukraina. Me vil ta vare på dei som har familie i kommunen vår, i tillegg til andre med beskyttelsesbehov.

Me har alle eit ansvar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden skal vere ein solidarisk kommune. Me skal stille opp for våre medmenneske i krise.

Line Furubotn Storum

På vegne av kommunestyregruppa

Bjørnafjorden Arbeidarparti