Vrir seg: To saker har fått det til å vri seg i magen min den siste tida.

Seier stopp: Vi ofrar utsette grupper sin livskvalitet

To ferske eksempel på fortvilande nedskjeringar vekker sterke kjensler. Med Frp og Høgre ved roret blir vi gradvis ei mindre hjartevarm bygd. Mange av våre sambygdingar treng no at vi står skulder til skulder med dei og seier stopp.

To saker har fått det til å vri seg i magen min den siste tida.

Den første er saka om at Stegen Bufellesskap mistar viktige vakt- og kontaktpersonar. Det er ressursar som i dag er avgjerande viktige for deira tryggleik og livskvalitet, og dei skal kuttast av budsjettomsyn.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den andre er ein sterk video frå TV Bra, som er ein TV-kanal av og for menneske med funksjonshemmingar. Dei fortel ei fortvilande historie om nedlegginga av Torsdagsgruppa i Bjørnafjorden, der elevar med nedsett funksjonsevne møtest til leik og moro annankvar torsdag. Det er eitt av dei aller viktigaste tilboda denne gruppa har. Det kostar ikkje meir enn 500.000 årlege budsjettkroner, men dei pengane skal Søviknes og Bruarøy spara.

Snur når dei møter motstand

Vi blir gradvis ei mindre hjartevarm bygd under dagens politiske styre, der valløfta om eit budsjett utan eigedomsskatt trumfar dei aller fleste andre omsyn. Vi ofrar utsette grupper sin livskvalitet for at det store fleirtalet skal sleppa å betala nokre hundrelappar i månaden.

Heilt mørkt er det heldigvis ikkje. Vi ser igjen og igjen at fleirtalet i kommunestyret snur når dei møter motstand. Vi såg det då dei valde å behalda alle skulane, trass at dei hadde budsjettert med å stengja fleire av dei. Vi såg det då dei snudde i saka om legevakta i Eikelandsosen.

Likevel; Dei gjennomfører dei kutta som ikkje får mykje merksemd i den offentlege debatten, uansett kor hardt dei rammar. Grupper som ikkje har ressurssterke organisasjonar eller taleføre støttespelarar i ryggen, får ikkje den merksemda og forståinga dei fortener. Og då vert det kutta.

Mister det vesle dei har

Dette er sambygdingar som no er heilt avhengige av at vi andre ser dei, forstår behova deira og står skulder til skulder med dei i kampen for betre liv og tenester.

Nyleg har vi altså fått to sterke og hjarteskjerande eksempel på grupper som opplever at fellesskapet ikkje slår ring om det som for dei er livsviktige tenester. Her i låginntektskommunen Bjørnafjorden har dei allereie lite, og no risikerer dei å mista det vesle dei har.

Mange av våre sambygdingar treng no at vi står saman og seier stopp. det har gått for langt allereie!

Craig Russell Lundervik Bøthun

Artikkelen held fram under annonsen.

Leiar

Bjørnafjorden SV