Skal Fusa vere ein koloni for Os, spør Viggo Nonås.

DEBATT

Sentralisering i Bjørnafjorden

Det er med stor uro me kan lese at administrasjonen nok ein gong har konkludert med å flytte tenester frå Fusa til Os.

Vanlege frasar kjem som vanleg fram; «men ei fagleg vurdert funksjonsdeling mellom institusjonane», «at dei ikkje ser på dette som ei flytting», «samlokalisering», «økonomi» osv.

Ein treng ikkje vere økonom, kommunedirektør eller ordførar for å rekne seg fram til at uansett korleis ein rekner, så er det sikkert mest lønsamt å samle alt på Osøyro, enten det er helse, sosial, skule og andre offentlege tenester, og så drit me i resten. 

Det er sikkert også lønsamt å betale folk i dei mest grisgrendte strøka for å flytte derifrå og til Os.

Gradvis og litt etter litt blir ting flytta til Os. Litt her, og litt der, samtidig som kommunedirektørar, administrasjon og nokre politikarar fortel oss at det er dette som er lurt, berre sit roleg så ordnar me opp.

Skal me sitje med henda i fanget og vente på at Bjørnafjorden gradvis utarmar Fusa

Her skal me altså sitje heilt i ro, og vere takknemmelege for å ha fått eit mikrobibliotek på størrelse med toalettet på biblioteket på Os, og vinteropplagsparkeringa til Sirkus Agora!

Som fusing så saknar eg ein politisk og administrativ vilje til å ynskje å oppretthalde kommunal aktivitet i Fusa. Me høyrer aldri om å flytte ting andre vegen, det er heile tida om å gjere å nedskalere drifta i Fusa.

Og som sagt, alle økonomiske reknestykke vil kome ut med same resultat, men er det dette kommunen verkeleg ynskjer?

Skal Fusa vere ein koloni for Os? Skal me sitje med henda i fanget og vente på at Bjørnafjorden gradvis utarmar Fusa for all kommunal aktivitet?

Kva tenkjer eigentleg vår nye kommunedirektør om å oppretthalde Fusa som ein levande del av kommunen? Kva vil dykk med oss? 

Det interne ferjesambandet i kommunen er på randen av kollaps, sjølv storferja LIFJORD set att masse bilar fleire gonger for dagen. 

Det er på tide at det politiske miljøet ser på konsekvensane av den gradvise flyttinga av tenester over fjorden. Det er på tide å sjå kva som kan flyttast andre vegen for å stimulere til busetnad, trivsel og samfunnsutvikling. 

Kommunen er meir enn berre fyrstane på Os!

Viggo Nonås

Fusing

Powered by Labrador CMS