Ansvar: Vi som politikarar hart eit ansvar for å ta vare på grøntareal i bustadområde for å sikra gode oppvekst- og bumiljø.

Skal vi behalda ein einaste grøn flekk i denne bygdo?

Til neste kommunestyremøte er saka om Rema 1000-butikk på Moberg på sakslista. La meg berre seia: Det er inga skam å snu!

I Norge har vi omlag 3% dyrka mark - jord vi kan dyrka menneskemat på. Vi er eitt av dei landa i verda som har minst matjord per innbyggjar.

I 2015 vedtok Stortinget eit mål om at maksimalt 4.000 dekar dyrka mark kunne omdisponerast (dei brukar fine ord) årleg innan 2020.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ansvaret for å bestemme kva som skal byggjast ned og ikkje, ligg diverre hos kommunane, som ikkje rapporterer inn før etter omdisponeringa er vedteke. Då kan det sjølvsagt vera vrient å følgja med på kor mykje matjord som forsvinn fortløpande.

Estimatet viser ei faktisk nedbygging på 8.170 dekar årleg i gjennomsnitt for dei siste fire åra, altså over dobbelt så mykje som Stortingets mål.

Til neste kommunestyremøte er saka om Rema 1000-butikk på Moberg på sakslista. Moberg har allereie tapt rik og god matjord til politistasjon, brannstasjon og Ohara, og no skal vi altså halda fram utholinga av landbruksområdet på Moberg.

Det er berre lov å byggja ned matjord om det er til svært viktige samfunnsføremål. For meg, som bur i Bjørnafjorden kommune der vi har mykje anna areal å ta av, så verkar det heilt unødvendig å måtta byggja på matjord sjølv til tungtvegande samfunnsføremål.

Vi held på å setja opp ny barneskule på Hjelle, midt på eit av dei eldste landbruksareala i kommunen vår, sjølv om det var ledige område like ved.

No ryk det altså mest sannsynleg eitt område til, heldigvis eit mykje mindre enn bakkane der skulen står, men det er framleis matjord, både fulldyrka og overflatedyrka. Her kunne til dømes bebuarane i Kuvågen, på Kuhnle og i Sollia, saman med barnehagebarna, hatt ein felles frukthage, ein potetåker eller ein parsellhage.

Og i seg sjølv står småbruket her som eit flott kulturminne og ein rik ressurs som ein ung agronom heilt sikkert kunne fått til ein dugandes grønsaksproduksjon på. Men det alternativet var allereie parkert då småbruket kom for sal - til over fem millionar, merka som næringsareal.

Vi som politikarar har eit ansvar for å ta vare på grøntareal i bustadområde for å sikra gode oppvekst- og bumiljø. For trivselen og folkehelsa er det utruleg viktig at vi lokalpolitikarar tar ansvar for å bevara område som dette.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Fryktar for matjorda i bygda

I gamle Os kommune, med Frp og Høgre i fleirtal, vart eg, som MDG-politikar, aktiv i småbrukarlaget og agronom, stadig sjokkert over manglande politisk vilje til å verna dyrka mark. Då vi sat saman koalisjonens politiske plattform hausten 2019, var det svært viktig for oss i MDG å få med at vi skal ha eit sterkt vern av jordbruksareal. Det står difor i plattforma at: «Vi ønskjer føreseieleg, rettferdig og klimatilpassa areal- og næringspolitikk, basert på oppdaterte planverk som gjev trygg framtid både for innbyggar og utbyggar. Det betyr også at Bjørnafjorden kommune må sikra offentleg areal for framtida. Samarbeidspartia går inn for sterkt vern av jordbruksareal. Det er spesielt viktig med samanhengande areal til matproduksjon Kulturlandskapet skal oppretthaldast med aktiv drift, og vi ønskjer at nye bustadfelt blir tilrettelagt med moglegheit for parsellhagar.»

Dette fekk meg til å føla meg tryggare på at vi no framover ikkje skal byggja ned matjord utan særskilt god grunn.

Så kjem det altså ei innstilling til kommunestyret frå PBU med fleirtal for nedbygging av matjord, med stemmene frå Frp, H og Ap. Det er framleis nokre dagar til endeleg avgjerd.

La meg berre seia: Det er inga skam å snu!

Tina Bøe Buer

MDG