Ja, det skjer noko: Arbeidarpartiets første- og andrekandidat, ordførar Trine Lindborg og Helge Steinum, listar opp alt som har skjedd i kommunen den inneverande perioden.

Skjer det noko i Bjørnafjorden, då?

Ja, det skjer og har skjedd mykje i kommunen vår sidan 1. januar 2020.

Akkurat det er det ikkje mykje tvil om, sjølv om mange, ofte rimeleg «høgrøysta», svært gjerne vil gje inntrykk av at ingenting skjer, og at det har skjedd svært lite denne valperioden. Vi er usikre på om dei som jobbar i Bjørnafjorden kommune og som har stått i nye utfordringar og tøffe omstillingar i lang tid, deler oppfatninga om at «ingenting skjer».

Det skjer noko kvart sekund og minutt i ein kommune, det vert levert tenester heile døgnet og nokon held hjula og maskineriet i gang.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når ein også veit at Frp og Høgre med støtte frå Magne Djuvik og MDG i 2022, og KrF i 2023, er dei partia som har fått sitt budsjett vedteke, blir «inntrykket» nokon vil skapa, endå meir «trasig.» Det er dessverre ikkje mykje framsnakk av eigen kommune å spora.

Både Høgre og Frp uttalar at dei går til val på å bli ein JA-kommune. Vi er allereie ein JA-kommune.

Vi er ein ny, fersk kommune som leitar etter alle moglegheiter for utvikling og samskaping, og som ikkje fokuserer på avgrensingar og «gamle etablerte sanningar».

Frp går til val med slagordet: Få fart på Bjørnafjorden! Vi meiner det er full fart i Bjørnafjorden allereie. Vi må berre fortsetja å fokusera på den rette vegen vidare.

Les også
Rett skal vera rett: Ja er allereie ja!

I møte med innbyggjarar og veljarar får vi mange, gode spørsmål, og av og til spørsmål som kan vera vanskelege å finna gode svar på sett i lys av den tida vi er inne i.

Likevel er dei fleste svært godt nøgde med livet i Bjørnafjorden. Det er trygt og godt å bu her, næringslivet skryter av samhandling og vilje til samarbeid, og fleire uttrykkjer ønske om å få seia nettopp det.

Dei meiner også at det er for lite positivitet kring alt det gode som skjer, og ber oss om å svara på «kritikken» med å vera endå flinkare til å visa det fram.

Då tenkjer vi at det er kjekt å kunna visa til noko av det som faktisk har skjedd i den nye og ferske kommunen vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å slå saman to kommunar er eit krevjande arbeid, i tillegg skal ein skapa ein felles kultur og tilhøyrsle.

I 2020 gjekk vi inn i den tøffaste tida for landet vårt etter krigen, to år med pandemihandtering og kriseleiing lokalt. Så kom handtering av heilt nye økonomiske utfordringar gjennom kommunesamanslåinga og den brå avsluttinga av SIO. No er det krig i Europa, og alle dei utfordringane og endringane det medfører for oss alle på så mange område, også kommunale.

Det er då ekstra trasig at nokon ønskjer å bruka ein kvar anledning til å «så» inntrykk av at ingenting skjer, når ein veit at det aldri har vore større fart.

Kanskje dette kan vera ei grei «oppsummering» så langt i valperioden:

Dette har skjedd (utan å gløyma det som skjer heile tida på drift):

• Økonomiske nedtrekk på 90 millionar gjennom Bjørnafjorden 22-prosjektet i 2020 og 2021.

• Arbeidsplassar: Det er lagt til rette for skaping av rekordmange nye arbeidsplassar, over 500 nye arbeidsplassar i privat sektor i Bjørnafjorden (mot under 200 dei siste åtte føregåande åra).

• Kommunedelplanen (arealplan) for Bjørnafjorden vest (gamle Os kommune) er vedtatt. Viktig for utvikling og vekst, og skaper føreseielegheit for næringsliv, innbyggjar og utbyggjar. Det er tolv år sidan førre plan.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Lyseparken: Vedtatt plan etter mekling i vår periode, klar for utbygging og fleire signeringar er venta hausten 2023.

• Samnøy industriområde: Full fart med bygging av tømmerkai, Bolaks etablerer seg og fleire tomter klare for signering.

• Fleire næringsområde i kommunen opplever etterspørsel for etableringar.

• Etablering av Bjørnafjorden utviklingsselskap (BUS AS). 100 prosent kommunalt eigd utviklingsselskap for næring, som tek seg av Lyseparken, Samnøy og anna areal i kommunen.

• Områdeplan Eikelandsosen vedteken.

• Sentrumsplan for Osøyro vert forhåpentlegvis vedteken hausten 2023.

• Ny E-39 opna. Og vi held fram jobben med nye løysingar for bompengar på sideveg saman med Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

• Åsen-Helleskaret (oppstart 2023).

Artikkelen held fram under annonsen.

• Pendlarparkeringar etablert mellom anna i Lyseparken og på Venjaneset (august 2023).

• Gang-sykkel langs Hatvikvegen klar for anbod i sommar.

• Trafikksikring Sperrevikvegen, Nilsavegen, Borgavegen, Baldersheim, Hegglandsdalsvegen (ferdig 2023). Trolldalen under prosjektering/grunnerverv gjennom Miljøløftet og fleire mindre trafikksikringstiltak gjennom Miljøløftet som til dømes fortau i Gymnasvegen.

• Stallabrotvegen.

• Vedtatt trafikksikringsplan og fått sertifisering som trafikksikker kommune.

• Bygd Giskavollen parkeringshus med fotballbane oppå og etablert parkering på «Statoil-tomta».

• Fått på plass parkeringsløysning på Osøyro (oppstart hausten 2023).

• Ny brannstasjon i Eikelandsosen

Artikkelen held fram under annonsen.

• Kjøkken på Fusa bu- og behandlingssenter og Luranetunet.

• Dagsturhytter på Borgafjellet og Vetlevarden.

• Ny Jettegryto barnehage.

• Borgafjellet barneskule med stort uteområde for leik/fotballbane/utehall.

• Utehall Lunde barneskule.

• Aktivitetspark/uteområde Søfteland Skule.

• Ferdigstilt Os idrettspark (mellom anna med klatrevegg, hoppegrop, kampsportrom).

• UngArena/Os aktiv/fotballbane på Giskevollen parkeringshus.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Leikeplass Os barneskule/Røde Kors-tomta.

• Bufellesskap Søfteland (oppstart bygging 2023).

• Mikrohus (oppstart bygging 2023).

• Utbetring barnehagen i Strøno (helseverngodkjenning).

• Kafé Kuli, ASVO si etablering av kafé i rådhuset.

• Hjelpemiddellager/bygg til heimetenesta i Os (vedteken i budsjett).

• Utbygging av breiband og mobildekning (snart 100 prosent).

• BUA, utlånssentral. Gratis utlån av fritidsutstyr for alle, både sommar og vinter.

• Familiens Hus, samlokalisering/samhandling av tenester for born, unge, familiar.

• Rask psykisk helsehjelp.

• Livskvalitet ski- og sykkelverkstad etablert på Osøyro.

• Fleire nærmiljøannlegg etablerte, utbetringar og bidrag til rehabilitering av idrettsanlegg.

• Pumptrack i Eikelandsosen.

• Etablert beredskapsavtaler med Røde Kors og sanitetsforeiningane.

• Tilskot og samarbeid til fleire ulike tiltak for eldre, seniordrosje osv.

• Demenskor etablert april 2023 etter direkte initiativ frå ordføraren.

• Nye parkeringsanlegg ved friområda i Ervikane og Smievågen. Jobbar for igangsetting av Steinavikjo friområde.

• Kjøpt Leirvågen. Sikra allemannsretten og tilgang til sjø/friområde i eit generasjonsperspektiv.

Tydeleg politisk styring:

• Etablering av Bjørnafjorden utviklingsselskap (BUS AS) 100 prosent kommunal eigd utviklingsselskap for næring, som tek seg av Lyseparken, Samnøy og anna areal i kommunen.

• Politikarane ut av styre i kommunalt heileigde selskap. Dette er viktig for å hindra rolleblanding og sikra gode, komplementære styre og medverknad frå innbyggjarane.

• Rydda opp i Os Bygg og Eigedom AS og lagt selskapet «sovande».

• Fastlegeordninga sikra gjennom etablering av «Bjørnafjorden-modellen», som no blir hylla av både helseministeren og andre kommunar. Modellen gjer det meir attraktivt å vera fastlege i Bjørnafjorden kommune. Det handlar også om tryggleik for både lege og pasient.

• Ny legevaktordning som sikrar legevakt i Eikelandsosen.

• Halda fram jobben med å auka tal heile, faste stillingar. Vi er på rett veg, og fekk nyleg Delta sin pris for beste kommune i Vestland for utlysing av heiltid for helsefagarbeidarar.

• Trygg styring gjennom covid. Etablerte lokalt næringsfond med covid-støtte, og den lokale frivilligheita fekk støtte under covid.

• Talet på lærlingar i kommunen har blitt auka når vi hadde budsjetta (2020 og 2021), medan det har stansa opp dei siste to åra med budsjetta til Frp+H og støttepartia deira. Arbeidarpartiet i Bjørnafjorden går til val i 2023 på nytt lærlingløft.

• Etablert bemanningssentral innan helse og omsorg.

• Menn i helse, prosjekt saman med NAV for rekruttering av menn til helse og omsorg.

• Miljøløftet (Byvekstavtalen i Bergensområdet).

• Etablering av ungdomens politiråd. Spela på lag saman for å sikra gode og trygge oppvekstvilkår med god samhandling og kunnskap.

• Saumlaust mottak av flyktningar med stor involvering og samarbeid på tvers av einingar, etatar og frivilligheita.

• Sal av tomter/bygg og infrastruktur kommunen ikkje treng slik at ein kan få auka inntektene.

Vi har allereie seld: Greidalen, hotelltomta, enkelttomter, og har fleire område og bygg som er klare/klargjorde for sal som til dømes Hegglandsdalen skule, Nore Neset barnehage, osv.

Planarbeid/vedtekne planar:

• Samfunnsplanen (kommuneplanens samfunnsdel).

• KLEM-plan (kommunedelplan for klima, energi og miljø).

• Plan mot vald i nære relasjonar.

• Førebygging av sjølvmord.

• Veteranplan.

• Beredskapsplan.

• Smittevern og pandemiplan.

• Atomberedskapsplan.

Bjørnafjorden Arbeidarparti vil heile tida jobba aktivt og målretta for å byggja vår nye, flotte kommune. Det er store økonomiske utfordringar vi må løysa, men også svært mange moglegheiter for utvikling og positiv endring. Det tek tid å snu eit tankskip som har vore på feil kurs med stor lånegjeld. Når ein i tillegg har vore overstimulert med SIO-midlar i så mange år, tek det tid å finna eit framtidsretta, godt og trygt nok tenestenivå.

Vi snakkar om «tio etter SIO», Frp sitt nasjonale «draumeprosjekt» som Solberg-regjeringa med resten av borgarleg side, raskt skrota då Frp var ute av regjering.

Bjørnafjorden Arbeidarparti vil halda fram å snu tankskipet gjennom trygg styring, tillit og samarbeid. Vi må fortsetja å gjera oss attraktive både for næringsliv, nye innbyggjarar og ikkje minst sikra rekruttering til viktige arbeidsoppgåver. Det meiner vi skjer best med entusiasme, positivitet, samarbeid, framsnakk og framtidstru!

Trine Lindborg

1. kandidat Arbeidarpartiet

Helge Steinum

2. kandidat Arbeidarpartiet