Umåteleg stor betydning: Det er fantastisk flott at kommunen handlar raskt i slike koronatider. Det har umåteleg stor betydning at kommunen er positiv.

Skryt til Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune treng og å få skryt når noko er bra. Det vert ofte slik at det er det negative som blir skrive om.

Fredag 27. mars klokka 13.31 sende firmaet mitt søknad per e-post om rammeløyve for ein vertikaldelt tomannsbustad i Bjørnavegen. Onsdag 1. april kom godkjenninga. Det var ingen aprilspøk.

Det er fantastisk flott at kommunen handlar raskt i slike koronatider. Det har umåteleg stor betydning at kommunen er positiv.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vi som har vore med ei stund, hugsar tida då Os kommune marknadsførde «Godkjenning på timen».

Os kommune og Askøy kommune gjekk i spissen for eit prosjekt der søkjarar kunne få godkjent byggjesøknader over bordet under føresetnad at det ikkje var merknader frå naboar og at alt var i orden med vegtilkomst, vass- og kloakkutløysing og at tiltaket var i samsvar med reguleringsplan.

Alt var på plass i saka eg no viser til og som utløyser skryt til kommunen.

Ei godkjenning av ein tomannsbustad gjev minimum arbeid tilsvarande fem årsverk i byggje- og anleggsbransjen. Det er totalt mellom 700 og 800 årsverk i byggje- og anleggsbransjen i Bjørnafjorden. Det er nødvendig med mange godkjenningar for å sysselsetja arbeistakarar tilsvarande 800 årsverk.

I usikre tider er det meir enn nokon gong viktig at kommunen er positiv og handlar raskt. Det vert spanande å sjå kva prosjekt kommunen kan få sett i gang for å stimulera byggje- og anleggsbransjen no når det er fare for at tusenvis av arbeidsplassar kan gå tapt, og det er over trehundretusen arbeidssøkjande i Noreg.

Staten bør straks koma med ekstra midlar slik at planlagde prosjekt kan koma i gang. Det er gjennom Byvekstavtalen lova inntil 27 millionar kroner årleg til ymse tiltak knytte til opparbeiding av gang- og sykkelvegar , innfartsparkering, kollektivtrafikktiltak mm.. Kommunen bør jo alt no kunna få høve til å setja i gang tiltak for å nytta desse midlane og sikra sysselsetjing i byggje- og anleggsbransjen.

Eg trur at politikarane i Bjørnafjorden er handlingskraftige og no får i gang offentlege prosjekt som elles ville liggja litt fram i tid.

I alle fall, skryt til Bjørnafjorden kommune for rask og positiv sakshandsaming og vilje til å gripa fatt i utfordringane koronapandemien fører med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øyvind Tøsdal