Holmefjord: Elevar ved Holmefjord skule kring 1960.

Skulen og bygda er eitt

For oss ungane var skulen midtpunktet i bygda, referansepunktet, aksen som det meste dreidde seg om.

I Holmefjord-bygda kom dei første skulehusa ikring 1900. Tidlegare leigde skulekommunen hus eller rom hos private. I mange år gjorde desse husværa teneste som skulestover. I «Buo» hos oss på Nilsa-Kolle samlast såleis ungane frå Hope, Kolle, Øyro, Tveito og Holmefjord. På likande vis møtte skuleungane frå Ådland, Matland og Dale opp i private stover der i grenda.

Nye skulehus

Rett etter hundreårsskiftet kunne ein ta dei nye skulehusa i bruk, dels kosta av skulekommunen, dels av bygdefolket, gjennom ein svær dugnadsinnsats.

Artikkelen held fram under annonsen.

I Holmefjord-krinsen sto skulehuset på «Sjeljaplasse», eit husmannsplass under Øyro, ved den gamle ferdslevegen mellom Kolle og Holmefjord, om lag midt mellom Hope i nord og Sørgaren i sør.

I Ådlandskrinsen sto skulehuset «på Dalen», som me seier, om lag midt mellom Ådland og Dale. Her budde Jon Dale. Han var lærar i desse krinsane i mange år, ein dugande mann og ordførar i Fusa kommune ei årrekkje. Han var nok ei drivande kraft bak dei nye skulehusa.

Ein skulekrins

Etter ca. 20 år slo dei to skulekrinsane seg i hop, av eigen fri vilje. Bygdefolket valde skulestad på den vanlege måten. Dei målte opp avstanden mellom ytterpunkta i den nye krinsen, Hope og Dale. Midtpunktet blei liggjande i «Skavhole’na», som me seier, i Ådland si utmark, langs bygdevegen mellom Ådland og Holmefjord.

Dei to skulehusa vart rivne og bygde i hop i nybygget. Huset frå Sjeljaplasse vart til «storsalen», dvs. rom for dei eldste klassane, og huset frå Dalen til «småsalen», som hyste dei yngste klassane.

Her gjekk eg sju år i skulen. For mitt indre auga kan eg lett kalla fram biletet av desse to stovene, av oss ungane som sat ved kvar vår pult, av tavla, kritet og svampen, av læraren der framme på kateteret, som i siste timen ofte las høgt or ei spennande bok: James Fenimore Coopers roman: Den siste mohikaner, sat godt i ei ung sjel.

Alle kjende alle

Me, skuleborna, var alle frå same pletten her på jord. Me kjende kvarandre ut og inn, me kjende sysken, me kjende foreldre og besteforeldre, me kjende vel også dei fleste onklane og tantene; ja, me visste stort sett kor mange kyr kvar huslyd hadde på båsen. For oss ungane var skulen midtpunktet i bygda, referansepunktet, aksen som det meste dreidde seg om.

Eg minnest godt ein eldre kar på Holmefjord. Når skuledagen var over og me kom syklande forbi, stogga eg stundom for å kjøpa eit langebrød og ein wittenberger hos Hogne bakar. Då møtte gamlingen opp nede ved vegen, og så kom det vanlege spørsmålet: «Ja, kor går da innpå Kolle, då?». Han ville så gjerne prata litt med oss, skuleungane.

Og så Nora-Hansen, med løa kloss i vegen. Han hadde ofte noko på gang, på låven eller i floren: «Nils, kom her og hjelp meg litt!». Så var det å stogga og stiga av sykkelen att. Men som oftast var oppgåva kjapt utført, og Nora-Hansen var ein triveleg mann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klassen: Klassebilete Skavholena 1930.

Ådlandsfjorden skule

Etter om lag 70 år i Skavhole’na var det slutt. Skulebygningen var nedsliten og umoderne. Alle såg behovet for nytt skulehus. Som lekk i denne prosessen valde ein å slå saman dei to krinsane Boga og Holmefjord.

Initiativet kom frå fleire kantar: skulekontoret, administrasjonen, dei folkevalde, og somme foreldre/bygdefolk. Det kunne vel vera einskilde som murra litt, men i det store og heile såg folk i dei to krinsane positivt på ny skule for denne delen av kommunen, lokalisert ein stad mellom dei to bygdene.

Slik blei Nore Fusa skule til, nyleg omdøypt til Ådlandsfjorden skule. Når prosessen gjekk såpass smertefritt, hadde nok dette samanheng med fysisk nærleik. Dei to krinsane er begge del av eitt og same lokalsamfunn, som i seinare tid blir nemnt som Nore Fusa. Her er små avstandar. Folk bur rimeleg tett og stort sett kjende folk kvarandre, på tvers av krinsgrensene.

Oss nord for Havskårdalen

I dag utgjer Nore Fusa på mange måtar eit samanhengande lokalsamfunn, avgrensa mot fjorden i sør og i vest, og fysisk skild av frå bygdene i nord (Samnanger) og i aust (Eikelandsfjorden) av vide skog- og fjellparti.

Bygda er sveisa i hop, dels gjennom skulen, dels gjennom ein lokal arbeidsmarknad. Pilene peikar oppover, og det har dei gjort i fleire tiår. Arbeidsmarknaden i Bergen er godt innanfor rekkevidde. Eg har sjølv hatt arbeidsplassen min i Bergen i mange år og hus på Kolle.

Eg spår at tilflyttinga vil auka i åra som kjem. Nytt industriområde er etablert, og dersom det kjem ein indre trasé med bru over Hovdasundet, vil Bogahalvøya, og særleg den ubebudde delen som vender mot Samangerfjorden, bli eit attraktivet bustadområde, både for osingar, bergensarar og andre.

Å vilja leggja ned skulen i eit slikt levande og velfungerande lokalsamfunn, med såpass gode framtidsutsikter, verkar for meg komplett uforståeleg.