På skulen: Os vidaregåande skule vil halda fram med opplæring av framtidige yrkesutøvarar, i mest mogleg grad på skulen, innanfor dei reglar og rammer me har.

Smittevern på Os vidaregåande skule

Me har den siste tida observert engasjerte elevar ytra seg i lokalavisa om si uro for smitte i skulen.

Etter å ha vore tett på dette viruset i lang tid, og med ei ny auke av smitte i samfunnet i haust, ser me det som naturleg. Saman finn me dei beste løysingane.

Engasjerte elevar fører også til at engasjerte lærarar og skuleleiing må ta ein «stopp». Ein stopp for å sjå over organiseringa og smittevernstiltaka i skulekvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulen har sidan mars vore gjennom store endringar på kort tid. Alt frå skulestenging til delvis opning og tilnærma full drift. Ein har hausta mange erfaringar, både lokalt og nasjonalt.

Les også
Helse-elevane ved Os vgs er utplasserte hos «sårbare grupper»: — Vi er livredde for å smitta nokon
Les også
Visste ikkje at elevane ynskte heimeskule. No tek han saka opp med kommunens pandemigruppe

Skulen opna i august på gult nivå, og på Os vidaregåande skule praktiserte me ei «føre var»-organisering. Dette blei gjort for å sjå korleis det gjekk når alle vart samla etter sommarferien. Til dømes vart kantina ikkje opna for opphald, og det var rutinar for å oppretthalda avstand mellom klassar. Det vart også utarbeidd rutinar for å komma ut i praksis, etter føringar frå Bjørnafjorden kommune.

Faste møte med elevrådet gav, og gir oss dessutan framleis mange gode innspel på korleis skulekvardagen vert opplevd. Desse innspela, som kjem frå alle 33 klassane våre, er også med på å utforma skuledagen.

9. november blei skulen sett over på raudt smittevernsnivå. Dette er noko me har vore førebudde på sidan i vår. Organiseringa vart stramma inn på bakgrunn av Utdanningsdirektoratet sin smitteverns-rettleiar, fylket sine føringar og Os vidaregåande skule si særeigenheit.

For eksempel må elevar no halda større avstand, også inne i eigen klasse. Merksemd på handhygiene, avstand og reingjering av kontaktpunkt vart forsterka. Lærar sørgjer for at elevar opprettheld tiltaka, så godt dei kan mellom faglege aktivitetar. Dei strekkjer seg langt for å imøtekoma smittevernreglane, og desinfeksjonsmiddel er blitt ein naturleg del av kvardagen i verkstad og klasserom.

Leiinga har i denne tida vald å møta elevane om morgonen med handsprit, påminning om avstand og «god morgon»-helsing. Fleire av elevane har meldt til oss at det kan vera trongt om plassen på bussane. Difor har skulen i samarbeid med Skyss, fått sett inn ekstra bussar på nokre av strekningane.

Os vidaregåande skule si særeigenheit har i denne tida gitt oss fordelar innan smittevern. Elevar er fordelt på fem ulike blokker. Dei fleste klasseromma har stort areal og ulike programområde fører til undervisning både ute, i skulen sine verkstader og i praksis i andre organisasjonar. Samla sett fører denne organiseringa til at færre oppheld seg på same areal.

Det er skuleleiar sitt ansvar å finna den rette balansen mellom smittevern og rett til utdanning. Det er eit krav og tydelege føringar på at skulen skal vera mest mogleg open, også på raudt nivå. Erfaringar frå i vår har tydeleg vist oss at opplæring på skulen er det beste for dei fleste, både fagleg og sosialt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skulen har også eit ansvar for at elevane kjenner seg trygge på skulen, og vil strekkja seg langt for å oppnå det. Skulen har ei tru på at kunnskap bidreg til tryggleik. Dette har ført til at alle elevar på Os vidaregåande skule har fått opplæring i smittevern. Naturlege samarbeidspartnarar for skulen i dette høvet, er til dømes helsesjukepleiar og smittevernlege i kommunen. Dette samarbeidet bidreg også til val av tiltak i skulekvardagen vår, og er med på å kvalitetssikra dei.

Os vidaregåande skule har helsesjukepleiar på skulen fire dagar i veka, og me oppmodar alle elevar som har spørsmål knytt til helse, om å nytta seg av dette tilbodet. Det kan vera viktig å få diskutert fakta, slik at ein har ei felles oppfatning av utfordringar og effektive tiltak.

Både vaksne og ungdomar kan kjenne på ei uro i denne tida. Denne uroa må ikkje øydeleggja for utdanning og framtidig yrkesliv. Det viktigaste er at me alle må forholda oss til dei grunnleggjande smittevernreglane: Avstand, god handhygiene og vera frisk når ein kjem på skulen. Dette er dei enkle, men og vanskelege tiltaka me må forholda oss til.

Os vidaregåande skule har ikkje hatt smittespreiing på skulen per i dag. Tal viser oss at det meste av smittespreiinga i samfunnet skjer i nære relasjonar på fritida. Dugnaden i samfunnet gjeld alle, ikkje berre ungdomar.

Me håper at skulen kan gå tilbake til gult smittevernnivå, og dermed letta på nokre av tiltaka etter kvart. Det er ikkje fornuftig med for strenge tiltak, som i verste høve kan bidra til unødvendig uro.

I mellomtida vil Os vidaregåande skule halda fram med opplæring av framtidige yrkesutøvarar, i mest mogleg grad på skulen, innanfor dei reglar og rammer me har. Me har per i dag ikkje ein smittesituasjon som tilseier at skulen bør vera stengt.

Johan Henrik Lassen

Rektor