DEBATT
Støtteerklæring til sjukeheimslegen på FBBS
Me opplever han som ein svært dyktig sjukeheimslege som me har full tillit til, og kjenner oss ikkje igjen i biletet som vert teikna av han i media.
Bakgrunnen for denne støtteerklæringa er framtida til legen vår, Arne Nakling - som me har full tillit til, vår oppriktige bekymring for legen vår, og det som er skrive i media i det siste, om hans tidlegare arbeidsforhold.
Me opplever han som ein svært dyktig sjukeheimslege som me har full tillit til, og kjenner oss ikkje igjen i biletet som vert teikna av han i media.
Annonse
Dette er litt av tilbakemeldingane frå tilsette på FBBS:
- Vi har full tillit til Arne. Han gjev oss inspirasjon i kvardagen.
- Han er engasjert, har gode pasient- og pårørandesamtalar, er oppteken av at bebuarane skal ha gode og meiningsfylte dagar - til dømes ved å gå tur ute og med fokus på matglede. Han inkluderer både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar i arbeidet for bebuarane sitt ve og vel.
- Han er genuint interessert i pasientane og nær oppfølging av deira pårørande. Han «underviser» oss på jobb, tar oss med i diskusjonar og lar oss reflektera.
- Han kommuniserer direkte, lyttar, underviser, støttar og forklarer. Forklarer pårørande kva demenssjukdom er og kva sjukdomen vil kunna føra med seg av plager. Lar pårørande reflektera til dømes rundt vidare behandlingsnivå, tar stilling til HLR- status, AB-behandling og kriterium for sjukehusinnleggelse, og det å ikkje gje vaksine. Legen tar ansvar for å gjennomgå medisinliste og eventuelt seponera dei medisinane som ikkje har hensikt lenger, og informerer alltid pasient og deira pårørande. Han er svært opptatt av å gje god og lindrande behandling når den tida kjem. Viser tydeleg ansvaret han har som lege; informerer og har samtalar direkte med pasient og deira pårørande undervegs. Følgjer opp med gode rapportar, både skriftleg og munnleg.
- Han tek initiativ til hyppige møte rundt pasienten: Rehabiliteringsmøte, innkomsmøte, samarbeidsmøte – anten der pasienten og pårørande er med, eller der pårørande deltar på vegner av pasienten.
- Han har alltid ope kontor og har tid til våre spørsmål. Me kan ringja til han og få hjelp og råd, sjølv når han ikkje er på FBBS.
- Han tar seg god tid til å snakka med pasientane, er direkte og tydeleg.
- Han er ein trygg og dyktig lege med god kompetanse (er geriatar) og erfaring. Han grunngjev sine avgjerder med stor fagleg dugleik. Viser ekte engasjement i pasienten sitt ve og vel; ser heile mennesket.
- Han ser alle rundt seg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Han støttar oss no i ei vanskeleg tid med omstilling og stor usikkerheit. Arne er ein humørspreiar blant pasientane og kollegaene, bidrar musikalsk. Han er ein god kollega.
Me støttar Arne fordi me har tillit til han. Han er ein dyktig sjukeheimslege, viser ekte engasjement og gir mykje av seg sjølv i arbeidet.
Kva er viktig på FBBS? Me bryr oss og har eit godt arbeidsmiljø der me viser kvarandre omsorg og tar vare på kvarandre.
Annonse
Kollegaer ved Fusa bu- og behandlingssenter