Nektar å innsjå: Dei største partia på begge sider av midtstreken, altså Ap, Sp, H og Frp, nektar alle å innsjå at vi kastar bort kvar krone vi bruker på å leite etter meir olje no.

SV krev nødvendig kursendring

Årets val er både eit klimaval og eit ulikskapsval. Vi kan ha to tankar i hovudet samstundes. SV er eit parti som har det, og er i posisjon til å påverke ei ny regjering direkte etter valet. Men det er stor skilnad på kva ein får til med 6 % og 12 % oppslutning.

Den nyaste hovudrapporten frå FNs klimapanel har skapt overskrifter og sett dagsorden i valkampen etter at han kom for ei drøy veke sidan. Det er ikkje så rart. Når verdas leiande klimaforskarar bruker ord som «kode rød for menneskeheten», er det ikkje fordi dei er usikre på konklusjonane.

Menneskeleg aktivitet med «forbrenning av fossilt brensel og avskoging kveler planeten vår og utgjør ein umiddelbar trussel for millioner av mennesker», heiter det videre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Umiddelbar trussel. Ikkje noko som ligg i fjern framtid, med andre ord. Vi ser endringane rundt oss allereie i dag, i form av veldokumenterte temperaturendringar og ekstremver meir voldsomt og hyppigare enn det nokon gong har vore registrert før. Det er få igjen som ikkje forstår alvoret. Spesielt ikkje blant dei yngre generasjonar, dei om faktisk skal leve med konsekvensane av dei vala vi tek i dag.

Klimaval

Val er nøkkelordet som vi kan henge eit visst håp på. På kort tid har klimaspørsmålet blitt det som ligg fremst i pannelappen når unge veljarar vurderer kva dei skal stemme i årets stortingsval.

Sjå berre kva ungdom i Bjørnafjorden svarer når de blir spurt om kva som avgjer kva dei skal stemme.

Resultata av valet vil heilt direkte og konkret påverke kva retning landet går vidare i. Det som for mange byrja som eit val der vi skulle ta eit oppgjer med aukande ulikskap og smålege velferdskutt, har på kort tid blitt til eit klimaval. Og bra er det, for vi bør vere bekymra, kanskje også direkte livredde.

Men sjølv om vi er redde for kva framtida bringer, og kva vi overlèt til barna våre, er det ikkje alle som er villige til å ta konsekvensane av det her og no. Då tenker eg ikkje først og fremst på absurde og røyndomsfjerne innlegg som det lokalpolitikar Magne Djuvik skreiv nyleg.

Les også
Ta vare på skaparverket

Heldigvis er det så få igjen som meiner at vi menneske ikkje skadar klimaet vårt, at slike innlegg ikkje lenger vert opplevd som ein trussel mot vår tids viktigaste kamp. Det som derimot står i vegen for ei reell omlegging er eit overveldande fleirtal på Stortinget for både å utvinne og leite etter meir olje og gass.

Dei største partia på begge sider av midtstreken, altså Ap, Sp, H og Frp, nektar alle å innsjå at vi kastar bort kvar krone vi bruker på å leite etter meir olje no. Dei vil ha meir av gårsdagens politikk, laga for gårsdagens røyndom.

To tankar samstundes

Det blir etter alle solemerke eit regjeringsskifte til hausten. Ap og Sp er plasserte i førarsetet, og vil sannsynlegvis kunne velje mellom fleire ulike regjeringsløysingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV ønsker ikkje ei sentrumsregjering med berre Ap og Sp, for det er lite som tyder på at dei vil ta eit kraftfullt oppgjer med den politikken den borgarlege regjeringa har ført. Nedbygginga av velferdssamfunnet og halvhjarta klimapolitikk må ta slutt, men då må ei ny regjering vere avhengig av eitt eller fleire parti som står støtt i begge disse spørsmåla. Heldigvis viser målingane no konsekvent at dei to andre partia ikkje kjem utanom SV for å få fleirtalet dei treng.

SV er et raudgrønt parti som brenn både for å redde kloden vår og å bevare og vidareutvikle det norske velferdssystemet. Det går nemleg an å ha to tankar i hovudet samstundes; Redusere forskjellane i samfunnet og ta klimakrisa på alvor.

Vi meiner faktisk at det eine er ein føresetnad for det andre, for omstillinga av samfunnet og økonomien må skje på ein rettferdig måte. Dei som har mykje må bere eit tyngre lass enn dei som har lite. Om folk ikkje opplever endringane som rettferdige, vil vi heller aldri nå måla våre og få snudd den katastrofale utviklinga. Arbeidarrørsla må vere med og utvikle løysingane.

Tøffare skattepolitikk og reduserte forskjellar går hand i hand med stans i oljeleiting. Gratis SFO for alle og rausare flyktningpolitikk med overgang til eit nullutsleppssamfunn. Tannhelsereform med eit forbruksbasert klimaregnskap.

Det er berre SV av miljøpartia som ligg an til å kunne påverke ei ny, raudgrøn regjering direkte. Jo større SV er når vi går inn i regjeringsforhandlingane, jo større gjennomslagskraft får vi på klima og omfordeling. Difor er det så enormt viktig at alle vi som ønsker ei skikkeleg, og nødvendig, kursendring etter haustens val, stemmer på SV. Det er slik vi får ei raudgrøn regjering, og ikkje ei sentrumsregjering som ønskjer å køyre slalåm over midtstreken frå sak til sak.

Craig Bøthun

Bjørnafjorden SV