Same dag: Biletet er tatt i 1991 frå kyrkjegarden, og same dag som gravferda til legendariske Harald Kuven (Mr. Fjellheim).

Ta vare på Fjellheim i budsjettet

Posisjonen, eller det som var posisjonen, har levert sakene sine, og Fjellheim bør vera nærare bevaring i dag.

I budsjett for 2024 har Arbeidarpartiet sett av kr 200.000 for å hindra vidare forfall av Fjellheim. Summen er den same som partiet sette opp i budsjettet i forrige periode, og som «var gull verdt» i arbeidet med å ta vare på Fjellheim.

Nordveggen hadde skadar (mest rundt vindauga) som ville blitt uopprettelege dersom det ikkje hadde vorte sett inn tiltak. No er den store og flotte nordveggen på inngangsida god som ny takk vere dei 200.000 som vart brukt.

Artikkelen held fram under annonsen.

At vindauga og veggen mot aust (mot hovudvegen) også fekk ei lita oppgradering i same slengen, vart berre ein bonus då vi i Bevar Fjellheim vart stoppa i å gjera arbeidet.

Les også
Ap set strek over fleire av kuttforslaga: – Legevakttenesta er heilt nødvendig

Det er verkeleg oppmuntrande og framsynt av Arbeiderpariet å følgja opp ambisjonane frå forrige val ved å prioritera Fjellheim også i denne perioden. Den dåverande posisjonen hadde følgjande ambisjonar om Fjellheim før førre val: Posisjonen meiner kommunedirektøren skal sikra at forfallet i Fjellheim vert stoppa ved å sikra oppvarming og dei mest utsette veggane og vindauga på bygget. Vidare skal ein kartleggja mogleg bruk og varig drift av bygget

Som vi ser har posisjonen, eller det som var posisjonen, levert sakene sine, og Fjellheim bør vera nærare bevaring i dag.

Vestveggen står for tur

Etter befaring med fagfolk i 29.09.2020 sende Bevar Fjellheim inn ei prioritert liste over tiltak som burde gjennomførast for å hindra vidare forfall. Pkt. 1 og pkt. 2 vart gjennomført (sjå over), og neste på lista var oppgradering av vestveggen mot Mobergshaugane.

Her må det sjølvsagt stillas og fagfolk til. Vi har eit tilbod (125.000 inkl. mva frå malerfirma T. Kvittingen) som kanskje er gått ut på dato. Uansett er dette det siste tiltaket som trengs utvendig, og som det hastar med å få gjennomført.

Unngå vidare forfall

Dei fleste punkta i Eviny-rapporten er bagatellmessige, men likevel årsak til nedstenginga av straumen i store delar av Fjellheim. Dette skuldast kommuneadministrasjonen og driftsavdelinga sin uvilje mot at det vert gjort noko som helst med Fjellheim. Huset skal tydelegvis forfalla sakte men sikkert. Haldninga til kommunedirektøren, KrF, Høgre, Frp og delar av driftsavdelinga i Fjellheim-saka er vanskeleg å forstå.

Les også
Endå fleire kutt i Frp og Høgres budsjettforslag: – Legevaktordninga er ikkje berekraftig

Det burde vore politisk semje om å unngå vidare forfall av Fjellheim. Kr 200.000 burde vore med også i den nye posisjonen sitt budsjett, slik at bl.a. vestveggen kan oppgraderast og feila i Evinyrapporten kan lukkast.

Då reddar vi bygget, ikkje berre gjennom vinteren, men unngår også vidare forfall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tore Moberg

Bevar Fjellheim