Ta vare på grøne lunger i sentrum!

Eg oppmodar politikarane til å tenkja seg om to gongar før dei gjer vedtak om ytterlegare nedbygging mot Oselvo.

Politikarane skal snart sluttføra arbeidet med sentrumsplanen.

Eitt av områda underteikna meiner må takast vare på, og ikkje byggjast på, er arealet mellom Kløvertun og den gamle naustrekka ved Oselvo.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kan ikkje vera slik at finnest dei eit kommunalt areal som ikkje er bygd på, så skal det seljast til maksimal pris for å få ned den kommunale lånegjelda. Det går an å tenkja litt lengre fram.

Dersom fortettinga rundt Osøyro skal bli slik politikarane er i ferd med å vedta, vil trongen for grøne lunger mot Oselvo auka. Ved å selja tomta mellom Kløvertun og dei fine gamle nausta til høgsbydande for utbygging, vil politikarane etter underteikna sitt syn gjera ein stor feil.

Det må gå an at det ligg grøne lunger igjen i sentrum, slik at både fastbuande og tilreisande kan gå ned til elvebreidda og fiska eller berre sitja på ein benk og nyta utsikta og byggja seg opp ved det å vera på ein grøn flekk utan hus.

Arealet mellom Kløvertun og nausta ved Oselvo bør setjast av til parkareal i sentrumsplanen. Det vil kunna bli eit utruleg fint parkområde, det einaste vendt mot Oselvo mellom Gamle Osbruo og Mobergsvikjo.

Det er ikkje noko argument for sal av tomta at kommunen har høge utgifter på lånegjelda si, og at kommunen treng å betala ned for å redusera dei årlege renteutgiftene sine.

Verdien av eit parkområde i sentrum er langt større reint samfunnsmessig enn den sparte renta ved eit eventuelt sal vil vera.

Å laga ein park no, vil heller ikkje sperra for annan bruk for all framtid.

Skulle kommunen seinare finna ut at det er uheldig at folk kan koma ned til Oselvo, og det etter kommunen si meining vil vera betre med høgblokker framfor parkareal mot Oselvo, då får heller kommune selja tomta når den tida kjem.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg oppmodar i alle høve politikarane til å tenkja seg om to gongar før dei gjer vedtak om ytterlegare nedbygging mot Oselvo.

Øyvind Tøsdal