Lunsj: Elevar på Restaurant og matfag hadde diska opp med ein framifrå lunsj då Bjørnafjorden Fp vitja Fusa vidaregåande skule.

TAF/YSK-tilbodet må vidareførast ved Fusa vidaregåande skule

Her er det viktig at vi i fellesskap står opp for eit godt utdanningstilbod til ungdomane våre.

Før påske vitja ein delegasjon frå Bjørnafjorden Frp Fusa vidaregåande skule for å drøfta framlegget frå administrasjonen i Vestland fylkeskommune om å avvikla tilbodet om TAF/YSK-liner ved skulen. TAF/YSK-modellen er eit fireårig studieløp som fører eleven fram til både studiekompetanse og fagbrev.

Fusa vidaregåande har sidan 2001 vore en føregangsskule på dette populære utdanningsløpet, og har per no tilbod innan Teknologi og industrifag, Marin, Helse og Restaurant og matfag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er fagkompetanse som er svært etterspurt av næringslivet i Bjørnafjorden, t.d. frå Framo, akvakulturnæringa, hotellnæringa og omsorgstenestene i kommunen. Næringslivet stiller då også opp med lærlingplassar dei to siste åra av utdanninga, og det er etablert eit nært samarbeid mellom ei rekkje verksemder og Fusa vgs. Dette samarbeidet tek det tid å byggja opp, medan det raskt kan rivast ned dersom TAF/YSK-tilbodet fell vekk.

Kostnaden med eit fireårig studieløp er naturleg nok noko høgare enn for ein tradisjonell vidaregåande elev med tre års studie, og dette er nok hovudårsaka til at administrasjonen i Vestland fylkeskommune no vil leggja ned tilbodet.

Bjørnafjorden Frp meiner likevel dette vert heilt feil. Føremonene ved TAF/YSK-modellen er mange og langt større en kostnaden - det er motiverte elevar som vel tilbodet, ofte går dei vidare til høgare utdanning, dei er dedikerte og får eit nært forhold til skulefag, arbeidsliv og jobb. Det er kort og godt slike arbeidstakarar næringslivet etterspør. Og vi treng eit yrkesretta studieløp også for elevar som ynskjer å sikra seg generell studiekompetanse for eventuell seinare høgare utdanning.

Delegasjon: Med i delegasjonen frå Bjørnafjorden Frp var f.v. kommunestyrerepresentantane Rolf Andre Kjærstad og Marianne Hjelle, gruppeleiar Gustav Bahus og vararepresentant Arlid Ernst Legland. I tillegg stilte ordførar Terje Søviknes.

Vi vonar difor at verksemder, næringsorganisasjonar og kommunane i regionen engasjerer seg i den høyringsperioden vi no står framføre. Her er det viktig at vi i fellesskap står opp for eit godt utdanningstilbod til ungdomane våre, og med det sikrar velkvalifisert arbeidskraft for framtida.

Vi vil også takka rektor ved Fusa vgs, Inger-Elin Epland, og hennar stab for gode presentasjonar under besøket, og samstundes oppmoda alle andre lokalparti om å vitja skulen i den komande høyringsperioden.

Gustav Bahus

Leiar

Bjørnafjorden Frp