Grøn flekk: Ved fortetting/utbygging i sentrum, er eg redd for at den grøne flekken blir borte frå kartet.

Tankar om fortetting: Har vi eit politisk parti som er villig til å ta ansvar for denne «bagatellen»?

Dette bør etter mi meining kommunen og politikarane ta på alvor.

Desse tankane er sikkert bagatellmessige i forhold til storprosjekt i kommunen vår, men mitt spørsmål er: Stiller kommunen krav til OBOS/Block Watne når dei startar opp utbyggingsarbeid på Sveo/Osstølen, der den opparbeidde turvegen inn i Osmarka no er sperra? Rett nok er ny stig merka, men den er ikkje brukande for eldre og handikappa.

Turvegen inn frå Sveo til 'Hesteløypa' blei opparbeidd av elevar frå ungdomsskulen, som nytta ein del kroppsøvingstimar og krefter på den jobben. Dette for at elevar og andre enkelt kunne nytta Osmarka til tur, kroppsøving og andre skulefag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Denne turvegen fungerte greit, og eldre som kommenterte og rosa elevane medan dei jobba, gav både krefter og motivasjon.

Stiller ikkje kommunen krav til utbyggar/byggjefirma om at omlegging av turvegar er med i reguleringa/infrastrukturen, som lett kunne gjerast når maskinene er på plass, eller kjenner ikkje storkonserna ansvar for slike detaljar?

Det vesle som er igjen av Osmarka, og som er mykje brukt av turfolk, barnehagar og skular, bør etter mi meining kommunen og politikarane ta på alvor. Ved fortetting/utbygging i sentrum, er eg redd for at den grøne flekken Osmarka blir borte frå kartet.

Eg undrar, har vi eit politisk parti i kommunen som tek Osmarka på alvor og er villig til å ta ansvar for denne «bagatellen»?

Spørsmål til slutt: Vil politikarane våre at borna i bygda skal kunna ha natur i nærleiken av skulane og barnehagane, og er dei villige til å verna resten av Osmarka for utbygging?

Hans Ingebrigtsen