Funksjon: Vi er ikkje interesserte i at det gamle utrykningskøyretøy-skiltet skal få funksjon igjen.

Til ordførar, kommunalsjef og kommunedirektør: Me takkar for tilliten, men no er faktisk grensa nådd

Me opplever at de held oss for narr og manglar respekt både for oss som tilsette, brukarane og heimetenesta sitt virke.

Me les i lokalavisa og sosiale medium at heimesjukepleien er tenkt som kompenserande tiltak i forslaget om å leggja ned legevakta i Eikelandsosen. Då skuffar det oss stort at de verken har informert eller konferert oss i prosessen fram mot anbefaling og vedtak. Dette i seg sjølv vitnar om manglande overordna forståing av alvoret i saka.

Eit slikt vedtak vil få store konsekvensar for brukarane, drifta og ikkje minst arbeidsmiljøet vårt. De har ikkje gjeve oss innsyn i ROS-analysen. Denne fekk me oversendt frå anna hald. Her står det at involveringa har vore brei, men verneombodet, dei tillitsvalde og leiarane våre har ikkje vore involverte, så det stemmer ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me stiller oss ikkje bak korleis risikovurderingane som gjeld oss, er vekta og skåra, heller ikkje dei risikoreduserande tiltaka.

Etter relativt tøffe nedbemanningsprosessar, starta me 20. november i ny turnus, tilpassa strammare økonomiske rammer. Me står altså midt i omstillingane samtidig som de føreslår å bemanna opp igjen for å pålegga oss type «first-responder»-funksjon.

Me opplever at de held oss for narr og manglar respekt både for oss som tilsette, brukarane og heimetenesta sitt virke. Me vil òg minna om at me framleis har dei same oppgåvene som før nedbemanninga. Er de i det heile klar over kompleksiteten og logistikken i heimesjukepleien?

Heilt klart er det heller kanskje ikkje at heimesjukepleien her på Fusa-sida også kompenserer for reduserte tilbod innan demensomsorg, kvardagsrehabilitering og kartleggingsteam samanlikna med tilgjengeleg tilbod på Os.

Kva med å redusera desse tilboda der tilsvarande nivået her hos oss? Det er ikkje lovpålagt med verken kartleggingsteam eller kvardagsrehabilitering. Visst det er «godt nok» her, er det vel også det der? Me berre nemner det.

Konsekvensar

ROS-analysen seier «Setja inn akuttsjukepleiar på topp i Eikelandsosen». Kva med rekrutteringsutfordringane?

Det er allereie fleire gonger i veka ein ikkje greier å dekka opp med sjukepleiar gjennom heile døgnet i heimesjukepleien. Tenkjer de at det er realistisk å rekruttera og behalda så mykje spesialkompetanse her? Er det rekna på kva dette vil kosta? Og ser de for dykk at det eventuelt ville vore nok med éin person som rykkjer ut på raud respons? Nei, er vårt klare standpunkt!

Å påleggja oss akuttberedskap for legevakta vil bli svært styrande for disponeringa av kompetansen vår. Sjølv om ein bemannar opp med fleire, vil mykje av dagens sjukepleiekompetanse bli bunden opp mot akuttberedskap. Også her skal det demmast opp for sjukdom og ferie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Akuttberedskapen vil alltid måtta ha høgaste prioritering, og vil såleis koma i konflikt med primæroppgåvene våre. Det er heller ikkje fagleg mogleg å kombinera funksjon som first responder med heimesjukepleie. Ein kan ikkje berre rykka ut frå ein dusj, eit sårstell, ein person med demens, eller eit døyande menneske for å nemna noko.

For øvrig har me heller ikkje blålys på taket eller utrykkingsførarkort. Kva med kvalitet og forsvarlegheit i tenestetilbodet til våre brukarar? Det seier ikkje risikovurderinga noko om.

Ja, me handterer også akutte hendingar og forverra tilstandar hos brukarane våre, og det går stort sett fint fordi me har legevakta i nærleiken som kan koma oss relativt raskt til unnsetning ved behov. No føreslår de altså å snu på flisa, og meiner at me skal koma legevakta til unnsetning? Det er ikkje greit!

Kva med risikovurdering og tiltak knytt til arbeidsmiljøet til oss som jobbar her? Me er slett ikkje interesserte i å ha fleire stressfaktorar hengande over oss no.

Beredskapsfunksjon for legevakt vil medføra enda høgare vaktbelastning på kveld, natt og helg for oss. Dette er uaktuelt då me etter nedbemanning og ny turnus allereie har fått større arbeidsbelastning - og tøffare turnusar.

Dessutan har me primært vald å jobba i heimesjukepleie og ikkje akuttmedisin av ein grunn. Faren for kompetanseflukt om me sjukepleiarar i heimesjukepleien får tredd ei uønskt ny rolle nedover hovudet, er heller ikkje vurdert som ein risiko. Men den er der i aller høgaste grad.

Om legevakta vert lagt ned vil det også fort kunna føra til at både brukarar og sjuke folk i distriktet som ikkje er i stand til å koma seg til Moberg for eigen maskin, vil få unødvendige og kostbare transportar både fysisk og psykisk.

Det er berre éin ambulanse, og mange turar til legevakt blir spart i dag fordi me har ein lege som kjem og ser til pasientar/brukarar i heimen om dei ikkje klarer å koma seg til legen sjølve.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skal ein i tillegg leggja ned ØH-senga som er svært hyppig brukt, vil det føra til fleire innleggingar i sjukehus. Kommunen har allereie manko på korttidsplasser og pasientar ligg over tida på sjukehus som ferdig behandla. Dette kostar kommunen dyrt. Telemedisin er inga løysing i ein kommune som ikkje har god og stabil dekning på telefon.

Til sjuande og sist saknar me ei heilskapeleg vurdering av kuttforslaga innan helse og beredskap på Fusa-sida. Tal nattevakter og bemanning vert redusert i eininga vår samtidig som det vert føreslått å leggja ned legevaktstasjon og brannvaktlag her. I tillegg vert det varsla om kutt innan brøyting og salting av kommunale vegar.

Me håpar de veit at me står på 24/7, og at me alt strekkjer oss langt for imøtekoma dykkar krave, ivareta brukarar, pårørande og kvarandre.

Strikken er strekt langt nok no. La oss vera heilt tydelege når vi seier - eller brølar: Dette er ikkje fagleg forsvarleg og vil gje ein falsk tryggleik til dei som bur her.

Sjukepleiarar

Heimesjukepleien i Eikelandsosen