Nokre få meter: Det er berre nokre få meter som må lagast til og planen er allereie utarbeidd av ABO.

Trafikksikring langs Holsundvegen

Kommunen må ha fokus på dette no når Samnøy industriområde er kome på plass.

Eg meiner at kommunen må nytta overskotsmassar frå Samnøy industriområde til snarast å laga trygg veg for mjuke trafikantar langs Holsundvegen/FV125, spesielt frå bussrundkøyringa til Holmefjord nærbutikk.

Les også
Lange bremsespor i asfalten leiar ut i grøfta: — Dottera mi sit ofte der og plukkar blomster
Les også
Meiner det er uheldig om kommunen ikkje har fokus på å sikra mjuke trafikantar

Her er det smal veg med liten plass til gåande. Det er difor svært viktig å setja fokus på ferdselen til dei som bur i området no når tungtrafikken aukar. Vi har for få barn i området og ingen å mista!

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ber om fartshumpar og nedsett fartsgrense i påvente av gang- og sykkelveg

Det er berre nokre få meter som må lagast til og planen er allereie utarbeidd av ABO.

Eg vil arbeida for at Bjørnafjorden kommune snarast tek kontakt med Vestland fylkeskommune og næringslivet for å få til eit spleiselag så dette kjem på plass snarast råd.

Uansett kven som vert ordførar etter valet, vil eg og KrF følgje opp denne saken. Kommunen må ha fokus på dette no når Samnøy industriområde er kome på plass.

Bjarte Samnøy

2. kandidat

Bjørnafjorden KrF