Hopp av: Hopp av «kjøpskarusellen» der desse nye salstrendane sikkert gjev mange billege, unyttige feilkjøp, som aukar forsøplinga, og gjer arbeidet for dei som vil skapa berekraftig handel vanskeleg.

Treng vi fleire kjøpedagar med fjollenamn som Cyber Monday, Singelsday og Black Friday?

Kvifor lar vi trendar fortrenga dei gamle, tradisjonelle handeldagane? Er dette ei form for mindreverdskjensle? Sidan vi stadig tek inn nye, amerikanske kjøpe- og forbruksvanar.

Eller er dette ei ny omdreiing på kjøpepresset?

Dette harmonerer dårleg med signala frå styresmaktene, som meiner vi alle må vera med på å redusera forbruk og levestandard i miljøkampen.

Artikkelen held fram under annonsen.

No meiner eg at vi alle må tenkja på minst to ting:

1. Støtta dei som med nisjebutikkane sine ikkje vil eller kan vera med på desse tilbodstrendane. Dette seier eg med stor respekt for desse som skaper arbeidsplassar og mangfald, som dei fleste ynskjer i sentrum.

2. Vera med på miljødugnaden. Hopp av «kjøpskarusellen» der desse nye salstrendane sikkert gjev mange billege, unyttige feilkjøp, som aukar forsøplinga, og gjer arbeidet for dei som vil skapa berekraftig handel vanskeleg.

Gode osingar, fusingar og bjørnafjordingar; ynskjer vi levande sentrum på begge sider av fjorden, så bruk nisjebutikkane. Støtt dei, med håp om at fleire vågar å satsa på eit handelsmangfald i kommunen vår.

H. Ingebrigtsen