Får halda på: Trygve og Jonas og dei andre for halda på med sitt. Her i Bjørnafjorden må me klare oss med våre lokale heltar.

Trygve Slagsvold Vedum stiller ikkje til lokalval i Bjørnafjorden kommune

Det gjer ikkje Erna, Jonas eller Sylvi heller.

Valkampen, i alle fall i riksmedia, handlar ofte mest om dei. Men her i Bjørnafjorden må me klare oss med våre lokale heltar. «Etter bylgjedal kjem båra». Slik er det oftast i rikspolitikken òg. Høgre-bølgjer og Venstre-bølgjer, og av og til ei Sp- eller Frp-bølgje, kjem og forsvinn att.

No gjeld det kommunevalet. Koalisjonar og samarbeid går på kryss og tvers i bygdene, ofte heilt ulikt det som gjeld på riksplan. Kva er då viktig? Svaret er enkelt: Kven som kjem inn i kommunestyret, og kva dei står for.

Artikkelen held fram under annonsen.

Noko av svaret finn me i dei lokale partiprogramma, på vallistene og gjennom kjennskap til folk som har vore i kommunestyret før, og som ønsker å koma inn att.

Partiprogramma er viktige, men dei omfattar ikkje alt. Gjennom ein fireårs periode kjem det opp ei rekke saker med nye problemstillingar, og som ingen tenkte på då dei skreiv programmet. Då er det viktig å ha folk med gode holdningar, og som er villige til å kjempa for synet sitt.

For Bjørnafjorden Senterparti er det viktigaste at heile kommunen skal vera ein god plass å bu for alle. Politikken må sørgja for at folk blir tatt vare på og får utfolda seg ut frå føresetnadene sine. Dei fleste som stiller til val er nok einige i det. Korleis me skal få det til, kan variere.

Dessutan vil Senterpartiet at heile kommunen skal vera levande, med liv og gode tilbod. Dette vil alltid vera ei viktig sak for Senterpartiet. Dei som har følgt med i kommunestyremøta i denne perioden, har sett at Senterpartiet har arbeidd aktivt for desse sakene. Som det førande posisjonspartiet, har Senterpartiet kjempa for å få til gode løysingar. Og det vil Senterpartiet halda fram med, anten det blir i posisjon som no, eller i opposisjon. Det er det veljarane som avgjer.

«Oppsummering» dei fire siste åra kor Senterpartiet har hatt varaordførar og styrt Bjørnafjorden kommune i lag med Ordførar Trine Lindborg i frå Arbeiderpartiet:

• Kommunedelplanen (arealplan) for Bjørnafjorden vest (gamle Os kommune) er vedtatt. Viktig for utvikling og vekst, og skaper føreseielegheit for næringsliv, innbyggjar og utbyggjar. Det er tolv år sidan førre plan.

• Lyseparken: Vedtatt plan etter mekling i vår periode, klar for utbygging og fleire signeringar er venta hausten 2023.

• Samnøy industriområde: Full fart med bygging av tømmerkai. Bolaks etablerer seg og fleire tomter klare for signering.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Fleire næringsområde i kommunen opplever etterspørsel for etableringar. Blant anna Sykkelkomponenter ønsker å utvide på Baldersheim .

• Etablering av Bjørnafjorden utviklingsselskap (BUS AS). 100 prosent kommunalt eigd utviklingsselskap for næring, som tek seg av Lyseparken, Samnøy og anna areal i kommunen.

• Områdeplan Eikelandsosen vedteken.

• Sentrumsplan for Osøyro vert forhåpentlegvis vedteken hausten 2023.

• Ny E-39 opna. Og vi held fram jobben med nye løysingar for bompengar på sideveg saman med Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.

• Åsen-Helleskaret (oppstart 2023).

• Pendlarparkeringar etablert mellom anna i Lyseparken og på Venjaneset (august 2023).

• Gang-sykkel langs Hatvikvegen klar for anbod i sommar.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Trafikksikring Sperrevikvegen, Nilsavegen, Borgavegen, Baldersheim, Hegglandsdalsvegen (ferdig 2023). Trolldalen under prosjektering/grunnerverv gjennom Miljøløftet og fleire mindre trafikksikringstiltak gjennom Miljøløftet som til dømes fortau i Gymnasvegen.

• Stallabrotvegen.

• Vedtatt trafikksikringsplan og fått sertifisering som trafikksikker kommune.

• Bygd Giskavollen parkeringshus med fotballbane oppå og etablert parkering på «Statoil-tomta».

• Fått på plass parkeringsløysning på Osøyro (oppstart hausten 2023).

• Ny brannstasjon i Eikelandsosen

• Kjøkken på Fusa bu- og behandlingssenter og Luranetunet.

• Dagsturhytter på Borgafjellet og Vetlevarden.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Ny Jettegryto barnehage.

• Borgafjellet barneskule med stort uteområde for leik/fotballbane/utehall.

• Utehall Lunde barneskule.

• Aktivitetspark/uteområde Søfteland Skule.

• Ferdigstilt Os idrettspark (mellom anna med klatrevegg, hoppegrop, kampsportrom).

• UngArena/Os aktiv/fotballbane på Giskevollen parkeringshus.

• Leikeplass Os barneskule/Røde Kors-tomta.

• Bufellesskap Søfteland (oppstart bygging 2023).

Artikkelen held fram under annonsen.

• Mikrohus (oppstart bygging 2023).

• Utbetring barnehagen i Strøno , Berga Barnehagen frå nedlegging (helseverngodkjenning).

• Kafé Kuli, ASVO si etablering av kafé i rådhuset.

• Hjelpemiddellager/bygg til heimetenesta i Os (vedteken i budsjett).

• Utbygging av breiband og mobildekning (snart 100 prosent).

• BUA, utlånssentral. Gratis utlån av fritidsutstyr for alle, både sommar og vinter.

• Familiens Hus, samlokalisering/samhandling av tenester for born, unge, familiar.

• Rask psykisk helsehjelp.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Livskvalitet ski- og sykkelverkstad etablert på Osøyro.

• Fleire nærmiljøannlegg etablerte, utbetringar og bidrag til rehabilitering av idrettsanlegg.

• Pumptrack i Eikelandsosen.

• Etablert beredskapsavtalar med Røde Kors og sanitetsforeiningane.

• Tilskot og samarbeid til fleire ulike tiltak for eldre, seniordrosje osv.

• Nye parkeringsanlegg ved friområda i Ervikane og Smievågen. Jobbar for igangsetting av Steinavikjo friområde.

• Kjøpt Leirvågen. Sikra allemannsretten og tilgang til sjø/friområde i eit generasjonsperspektiv.

Tydeleg politisk styring:

• Etablering av Bjørnafjorden utviklingsselskap (BUS AS) 100 prosent kommunal eigd utviklingsselskap for næring, som tek seg av Lyseparken, Samnøy og anna areal i kommunen.

• Fastlegeordninga sikra gjennom etablering av «Bjørnafjorden-modellen», som no blir hylla av både helseministeren og andre kommunar. Modellen gjer det meir attraktivt å vera fastlege i Bjørnafjorden kommune. Det handlar også om tryggleik for både lege og pasient.

• Ny legevaktordning som sikrar legevakt i Eikelandsosen.

• Halda fram jobben med å auka tal heile, faste stillingar. Vi er på rett veg, og fekk nyleg Delta sin pris for beste kommune i Vestland for utlysing av heiltid for helsefagarbeidarar.

• Trygg styring gjennom covid. Etablerte lokalt næringsfond med covid-støtte, og den lokale frivilligheita fekk støtte under covid.

• Talet på lærlingar i kommunen har blitt auka når vi hadde budsjetta (2020 og 2021), medan det har stansa opp dei siste to åra med budsjetta til Frp+H og støttepartia deira.

• Etablert bemanningssentral innan helse og omsorg.

• Menn i helse, prosjekt saman med NAV for rekruttering av menn til helse og omsorg.

• Miljøløftet (Byvekstavtalen i Bergensområdet).

• Etablering av ungdomens politiråd. Spela på lag saman for å sikra gode og trygge oppvekstvilkår med god samhandling og kunnskap.

• Saumlaust mottak av flyktningar med stor involvering og samarbeid på tvers av einingar, etatar og frivilligheita.

• Sal av tomter/bygg og infrastruktur kommunen ikkje treng slik at ein kan få auka inntektene.

Vi har allereie seld: Greidalen, hotelltomta, enkelttomter, og har fleire område og bygg som er klare/klargjorde for sal som til dømes Hegglandsdalen skule, Nore Neset barnehage, osv.

Planarbeid/vedtekne planar:

• Samfunnsplanen (kommuneplanens samfunnsdel).

• KLEM-plan (kommunedelplan for klima, energi og miljø).

• Plan mot vald i nære relasjonar.

• Førebygging av sjølvmord.

• Veteranplan.

• Beredskapsplan.

• Smittevern og pandemiplan.

• Atomberedskapsplan.

Vi snakkar om «tio etter SIO», Frp sitt nasjonale «draumeprosjekt» som Solberg-regjeringa med resten av borgarleg side, raskt skrota då Frp var ute av regjering.

Dei folka som står på vallista til Senterpartiet er svært godt kvalifiserte til å finne gode løysingar for bygdene. Her er mykje ungt blod. Folk med friske meiningar og god kunnskap, og folk med lang erfaring frå kommunepolitikken. Så får Trygve og Jonas og dei andre halde på med sitt. No er det Bjørnafjorden som gjeld, og Senterpartiet vil kjempa for at Bjørnafjorden skal vera ein god og levande kommune.

Helge Andersen

Listekandidat

Bjørnafjorden Senterparti