Klart det var plagsamt at eg låg under fartsgrensa, men kva tid vart det aktsamt å pressa og blenda folk i fart?

Ukultur i 100 km/t: Tre gonger blenda sjåføren bak meg hissig med langlysa

I kveld er det ikkje sjølvsagt at me alle er trygt heime.

Kjære osingar som skulle heim frå jobben (?) i 100 km/t-sona torsdag. Har de allereie vent dykk til å køyra i 100?

Det har ikkje eg, som til dagleg køyrer på bygdevegane lenger sør i fylket. Eg trudde det skulle gå heilt fint å køyra strakaste vegen til Halhjem, det har det nemleg gjort før i 100-sona, men eg innsåg undervegs, at i dag måtte 90 vera nok om me skulle vera sikre på å køyra trygt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Me hadde vore til ei krevjande oppfølging på Haukeland med eldstemann, mellomste bror sov endeleg godt i setet sitt, og veslesøster på fire månader fekk ei skikkeleg plagsam bleie i det me køyrde inn i tunnelane. Ho sa tydeleg ifrå. Adrenalinet kokte.

I bilane rundt oss var det folk som ville heim, no!

Mor bak rattet pusta med magen og tenkte at her er det fleire felt. Om nokon vil forbi, er det plass til det.

Så hamna første bil “på støytfangaren”. Veslesøster vrælte konstant og mor fokuserte så godt som råd på vegen; “Snart er me på meir kjende vegar, folk skjønar jo at det er ein grunn når eg ikkje køyrer over 90 km/t”.

Tre gonger blenda sjåføren bak meg hissig med langlysa, før han stod på fløyta og køyrde forbi. “For ein aggressiv sjåfør, det der var galskap”, tenkte me, “men enkelttilfelle kan vel skje”.

Klart det var plagsamt at eg låg under fartsgrensa, men kva tid vart det aktsamt å pressa og blenda folk i fart?

Veslesøster hylte framleis på fullt volum. Elstebror var byrja å kjeda seg i baksetet. Pusta roleg, halda fokus og ikkje la seg distrahera.

Så skjedde det igjen; frenetisk blinking med langlysa bak oss. Eg såg etter blålys, var det krise ute? Måtte me sleppa fram utrykkingskøyretøy?

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei, det var ein privatbil som i høg fart valde å bruka merksemda si på å prøva å ta fokuset mitt over på den tankelause hintinga si. Han køyrde til og med opp på sida av bilen vår for å nå gjennom ved hjelp av vinking. I 90.

Jau då. Eg hadde jo forstått ei stund at eg var til stor plage for folk med sniglefarten min. Det var berre det at eg hadde så utruleg dyrebar last, og stresset tok meg, eg visste at eg hadde kontroll på bilen i 90, men eg klarte ikkje meir i akkurat den situasjonen.

Så vær så snill: La det ikkje utvikla seg ein ukultur der ein presser og blendar andre for å koma eitt minutt raskare fram. Hald roa bak rattet og ha forståing for at livet kan skje i bilane rundt deg.

Medan bølgjene vogga oss over Selbjørnsfjorden og veslesøster endeleg fekk bytta på seg, gjekk blinkinga og pressinga på repeat i mor sitt hovud.

I kveld er det ikkje sjølvsagt at me alle er trygt heime.

Mor