Etter den siste tidas ordskifte om møtelukking og innsyn i kommunen ser det no ut for at det endeleg er betring i sikte.
Etter den siste tidas ordskifte om møtelukking og innsyn i kommunen ser det no ut for at det endeleg er betring i sikte.

Utsyn mot betre innsyn

Miljøpartiet Dei Grøne fekk to representantar ved kommunevalet i 2017. Frå dag éin har vi kjempa for meir opne prosessar og betre innsyn i Os.

I programmet vi gjekk til val på har vi eit eige kapittel om demokrati. Der skriv vi mellom anna at dei politiske prosessane i kommunen må vera opnare, og at vi ønskjer oss ein gjennomsiktig politisk arena for å sikra eit godt fungerande lokaldemokrati.

Etter den siste tidas ordskifte om møtelukking og innsyn i kommunen ser det no ut for at det endeleg er betring i sikte. Fredag 9. juni kunne ein lesa i avisa at møteplanen for kommunen sine adhocutval no er tilgjengeleg på nett. “Møta har i prinsippet vore opne, men ein kan vanskeleg seia at dei har vore heilt opne når ingen har visst om kor eller kor tid dei har funne stad”, er rådmannen sitert på. Etter kommunelova skal også saksliste og dokument vera tilgjengelege for ålmenta. Når alt dette kjem på plass for alle utval, vert det mogeleg for ålmenta og dei folkevalde å halda betre oppsyn med kommunen sitt indre politiske liv.

Artikkelen held fram under annonsen.

MDG Os har lenge skrike opp om prosessane i kommunen. Best hugsar kanskje folk i Os dei ulike sakene i samband med tildeling av midlar til Osfest. Med ugjennomsiktige og uryddige prosessar der tidlegare ordførar Søviknes både var saksførebuar åleine og pressa gjennom vedtak.

Vi gjekk til val på å melda kommunen inn i Transparency International. Etter nokre rundar og godt samarbeid med Os Arbeidarparti er dette no gjennomført.

Vi har vore gjennom fleire rådmenn medan praksisen med adhocutvala har pågått. Ordøraren har vore den same og lokalavisene har vore dei same. Eksempla er mange på ulne saker med uryddig saksgang. No har vi fått ny ordførar og ny rådmann. Dessutan har vi fått eit nytt og bråkete parti i kommunestyre og formannskap. Det er ikkje tilfeldig at denne endringa kjem no.

Etter informasjon om adhocutvala vart gjort tilgjengeleg har både Midtsiden og Os og Fusaposten skrive om parkeringsutvalet, informasjon som elles kunne vore lukka i lang tid. Denne endringa i haldning og prosess er ein siger for openheit i Os. Dette er ein siger for demokratiet, og ein siger for Dei Grøne.

Redaktør Halland poengterte tidlegare at avisa ikkje ønskte å skapa støy for støyens skyld. Det ønskjer ikkje vi heller. Men vi lovar å halda fram med å laga støy når det er så viktige ting som forvaltningas truverde og innbyggjaranes engasjement, innsyn og høve til påverknad som står på spill.

Vi feirer med ein svingom innom kommunen sine nettsider for å lesa nokre ekstra saksdokument, og oppmodar deg om å gjere det same!

Nils-Anders Nøttseter

Miljøpartiet Dei Grøne