Veg frå Os til Fusa – ein tapt mogelegheit

Det var no Regional transportplan Hordaland 2018-2029 vart handsama. Det var no vi hadde mogelegheit til å bli høyrd. Det var no mogelegheitsvindauget var ope. Den mogelegheita greip Arbeidarpartiet, medan Høgre og Frp svikta, skriv Gisle Hesjedal.

LESARBREV: Tysdagkveld handsama kommunestyret høyringsforslag til Regional transportplan Hordaland 2018-2029. Høgre og Frp valde å røysta mot Arbeidarpartiet sitt framlegg om å leie trafikken på fylkesveg 552 utanom Osøyro, og vidare at det vert bygd bru til Fusa. Dei sa altså nei til at dette skulle inn på lista over vegprosjekt som Os kommune ber om å få prioritert i perioden 2018-2029. Til Os og Fusaposten seier Emil Brimsholm (H) at ”å ta noko slikt berre over bordet vert litt vanskeleg, særleg når det gjeld å kryssa Osvassdraget med ny bilveg.”

Trafikken gjennom rundkøyringa i Os har vore eit tema i mange år, blant anna under saka om utbygging på Bjånes. Alle har forstått at det berre er spørsmål om tid før vi må finna ei anna trafikkløysing gjennom sentrum. Ei slik løysing må nødvendigvis innebera at Osvassdraget må kryssast, ein eller annan stad, på ein eller annan måte. Så at dette kom brått på, slik Brimsholm hevdar, står ikkje til truverde. Vidare hevdar Brimsholm at dei ikkje fekk diskutert forslaget, då dei alt hadde hatt gruppemøte. Vel, Høgre og Frp hadde felles gruppemøte i løpet av kommunestyremøtet, fleire timar etter at forslaget var levert inn. Så dei hadde rikeleg tid til å diskutere saka, om dei ville.

Artikkelen held fram under annonsen.

Forslaget frå Os Arbeidarparti var som følgjande: ”Nytt prosjekt nr. 10 på prioriteringslista: Svegatjørn/Lyseparken - Fusa/Eikelandsosen. Ny FV. 552 der trafikken leiast utanom Osøyro, og Fusafjorden vert kryssa med bru. Heile FV. 552 blir rusta opp med gul midtstripe.”

Forslaget seier ingenting om kor eller korleis Osvassdraget skal kryssast, og det seier heller ingenting om kor ei bru til Fusa bør gå. Slike spørsmål må sjølvsagt framtidige utgreiingar gje svar på. Forslaget seier heller ingenting om kor mykje ny trasé som må byggjast, eller kor mykje ein kan nytta av dagens FV 552. Til orientering så startar FV 552 i dag i rundkjøringa ved Uno-X, altså like ved Svegatjørn, og sluttar i Eikelandsosen.

Det er derfor vanskeleg å sjå at det skal vera noko kontroversielt i forslaget. Om Høgre og Frp berre var ueinig i delar av formuleringa, så kunne dei nytta debatten i kommunestyret. Ingen av dei 18 kommunestyrerepresentantane frå Høgre og Frp kommenterte Arbeidarpartiet sitt forslag då dei hadde høve til det. Om dei hadde funne det naudsynt, kunne dei også bede om nytt gruppemøte for å diskutere formuleringa. Heller ikkje den moglegheita nytta dei seg av.

Det var no Regional transportplan Hordaland 2018-2029 vart handsama. Det var no vi hadde mogelegheit til å bli høyrd. Det var no mogelegheitsvindauget var ope. Den mogelegheita greip Arbeidarpartiet, medan Høgre og Frp svikta.