Vi kan faktisk trylle vekk køane til og frå Bergen

Tryllekunsten heiter samkøyring.

Det er den mest effektive og samfunnsnyttige måten å kutte i utslepp og trafikkmengd utan å innskrenke mobiliteten! No går fylket inn for at fleire kommunar kan ta del i samkøyringsprosjektet til Skyss og Nabogo som i dag er sett i gong i Bergen vest (Askøy og Øygarden). 

Om lag ni av ti personbilar i rushtrafikken køyrer i dag utan passasjerar. Om vi i snitt antar tre tomme sete, vert dermed seks bussbillettar for kvar bil med “solopendlarar” kasta ut av vindauget kvar dag. 

I morgonrushet passerer mellom seks og åtte tusen personbilar over Sotrabroen, og når 90% av bilførarane køyrer åleine, svarar dei ledige seta til rundt 200 tomme bussar som kunne og burde bli utnytta betre.

Samkøyring er ei vinn-vinn-vinn-løysing, for i tillegg til mindre trafikk og mindre behov for store, nye motorvegprosjekt, er det samstundes økonomisk gunstig for den einskilde og gir auka mobilitet til folk også i distrikt der kollektivtilbodet er dårleg. 

I mange tilfelle vil det også kunne auke talet på kollektivreisande: Viss du har periodebillett hos Skyss i dag er heile samkøyringsturen gratis, uavhengig av distansen på turen. Det gir månadskortet ein litt høgare verdi, også der det er færre kollektivavgangar.

Pilotprosjektet med samkøyring i samarbeid med Skyss og utviklaren Nabogo, har vore ein stor suksess, og eitt år etter lansering er det registrert over 63.000 turar. 

I ein nyleg forskingsartikkel som Andreas har bidradd til, ser vi at det framleis kan vere eit uforløyst potensial for å auke graden av samkøyring i vår region, særleg viss dei største arbeidsplassane setter i gong kampanjar for sine tilsette om å køyre meir saman. 

Effekten av samkøyring blir betre jo større område som vert inkludert. 

Tydelege kampanjar og tilpassingar i app og reiseplanleggar kan kople saman pendlarar, spesielt på dei store arbeidsplassane i Bergen og omlandskommunane. 

Vi meiner òg at prosjektet må utvidast til å gjelde fleire kommunar i Vestland, for vi er eit folk som har samarbeida om pendling på små og store stader i mange tiår. 

La oss inspirerast av dette, og la tilrettelegging for samkøyring bli eit satsingsområde for kollektivtransport i fylket vårt.

Trine Hofsvik Strønen

Leiar Bjørnafjorden MDG

Andreas Ormevik (MDG)

Folkevald i Øygarden

2. kandidat til stortingsvalet

Suzanne Rødseth (MDG)

Representant i Vestland fylkesting

3. kandidat til stortingsvalet

Powered by Labrador CMS