Alvor: Vi må ta ungdommane på alvor.

Vi må behalde tilbodet på Fusa vgs!

Eg meiner dei viser mangel på kunnskap om næringslivet i kommunen.

Vestland fylkeskommune har lagt fram høyringsforslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune – eit forslag som snur opp ned på skulestruktur og utdanningstilboda til ungdommen, i heile fylket.

Les også
Dramatiske kuttforslag for Fusa vgs: — Dette vil få konsekvensar for næringslivet i regionen

I høyringsforslaget står det: Fusa vgs: YSK-tilbodet vert lagt ned. Kunst, design og arkitektur bytast ut med studiespesialisering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylket foreslår no ei omstrukturering. Dei ynskjer å fjerne TAF/YSK tilbodet og erstatte det med studiespesialiseringsklasse. I høyringsforslaget hevdar dei at: Det samla tilbodet vil kunne dekke lokalt kompetansebehov på ein god måte.

Eg meiner dei her viser mangel på kunnskap om - og kva behov - næringslivet i kommunen/regionen har.

Fusa vgs samarbeider med bedrifter som Framo, Bolaks, Tombre, Eide Fjordbruk, Ølve Industrier og Fusa Mek. Bedriftene ynskjer både TAF/YSK-elevar og ordinære lærlingar. YSK er med på å sikre framtidig tilgang på arbeidskraft.

Les også
Vil slå saman Os gymnas og Os vidaregåande skule. Skal handsamast politisk i haust

Kontakten mellom Fusa vgs og næringslivet er god. Det vert lagt vekt på kva bedriftene vil trenge av kompetanse i framtida. Slik bidrar Vestland fylkeskommune via Fusa vgs, til utvikling av lokalsamfunna, ungdommen og næringslivet. Dette må vi ikkje kaste vekk i ein sentraliseringsprosess som høyringsforslaget no legg opp til.

Ungdommane i Bjørnafjorden vil måtte reise til Årstad for å gå på kunst, design og arkitektur. For dei ungdommane som ynskjer kreative fag, legg fylket opp til lang reiseveg, eller hybeltilvære. Vi må ha gode og varierte skuletilbod der ungdommane bur.

Vestland fylke har i Regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021-2033, sett retning for næringslivet i fylket. Kompetanseutvikling er eitt av hovudmåla i planen. Eg vonar fylkesadministrasjonen ser at dei no styrer i feil retning ved å foreslå nedlegging av gode skuletilbod.

Nyleg vart søkjartala for vidaregåande skule lagt fram. Det som er mest populært for ungdommane, er yrkesfag. Det er også ein auke i søknader til læreplass.

Vi må ta ungdommane på alvor og behalde TAF/YSK samt Kunst, design og arkitektur på Fusa vgs!

Artikkelen held fram under annonsen.

Dina Lervåg

Leiar

Bjørnafjorden Sp