Viktig å ettergå lobbyselskapet Hordfast AS si «faktabeskriving»
Norges Miljøvernforbund (NMF) må diverre konstatera at lobbyselskapet er svært upresist eller kjem med direkte feil når dei legg fram sine «faglege avklaringar».
Norges Miljøvernforbund er svært uroa over dei mange utspela frå lobbyselskapet Hordfast AS ved dagleg leiar Øyvind Halleraker, der ein presenterer såkalla «Fakta og faglege avklaringar» om Hordfast.
Ved nærare etterprøving av innhaldet i utspela, syner mange av påstandane seg å vera direkte feile eller i beste fall ufullstendige.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mellom anna hevdar Halleraker i eit innlegg i Sunnhordland 5. september at kostnadene for Hordfast er kutta med 20 mrd sidan dei første kostnadsestimata på 65 mrd (dagens kroneverdi) vart lagt fram i arbeidet før kommunedelplanen i 2016.
Vi har også høyrt desse tala uttalt, mellom anna frå utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i SVV. Så eg spurte Davik for ei tid tilbake kvar desse tala var henta frå. Her følgjer klipp frå svaret eg fekk frå Davik: «Som innspill til NTP 2018-2029 laget transportetatene en rapport “Utbedringsstrategi for ferjefri og utbetra E39” - Februar 2016. Her står; 3.4 Aksdal – Os. Ny fjordkryssing av Bømlafjorden. Hengjebru over Langenuen og bruk av ny bruteknologi over Bjørnafjorden (52 milliardar kroner) ... Det er disse kostnadene (52 mrd kr) jeg bruker som utgangspunkt for den forbedringsjobben som er gjort siden».
Merk her at strekninga er Aksdal-Os, ikkje Ådland-Os. Eg går ut frå at alle som er kjent med lokale stadsnamn i Sunnhordland veit at Aksdal (aust for Haugesund) er noko heilt anna enn Ådland (nord for Leirvik på Stord), og at det som er dagens Hordfast er det same som Ådland-Os.
I KVUen som vart utarbeidd i 2011 og som er grunnlaget for trasevalet for Hordfast, var kostnaden for strekninga Aksdal-Os berekna til om lag 20 mrd (om lag 30 mrd i 2023 kroner). Så dei 52 mrd i 2016 gjeld ei strekning som er meir enn dobbelt så lang som begrepet Hordfast i dag.
Å påstå at SVV har kutta 20 mrd på Hordfast, ved å halvere strekninga, er så langt frå sanninga som det er råd å koma. I dag viser dei foreløpige kalkylane som er gjort for strekningen Aksdal-Os, at ein kanskje er nær 80 mrd i kostnader dersom ein skal byggja ei ny kryssing over Bømlafjorden. Konklusjonen er altså ein auke med 50 mrd, og ikkje ei innsparing på 20 mrd.
I etterkant av vedtaket for kommunedelplanen for Hordfast i 2019, kom det ei klar melding frå dåværande statsminister Erna Solberg: Kostnadene på prosjektet måtte ned. Og litt ned kom dei, ei stund.
I SVV sin årsrapport for 2021 Statens vegvesens årsrapport 2020 var styringsmålet for Hordfast, 38,5 milliarder og kostnadsramma estimert til om lag 50 milliarder. I tertialrapport for Statens vegvesen per 30. april 2023 er styringsramma for Hordfast no heile 47,5 milliarder, og kostnadsramma er nær 60 milliarder. Det ballar fort på seg. Liknar ikkje mykje på kostnadskutt, spør du meg.
Hordfast AS er eigd av ei rekkje kommunar, interesseorganisasjonar og store verksemder. Norges Miljøvernforbund (NMF) må diverre konstatera at lobbyselskapet er svært upresist eller kjem med direkte feil når dei legg fram sine «faglege avklaringar» om Hordfast ved ulike høve. Slik går det ikkje an å halda på.
Artikkelen held fram under annonsen.
NMF nyttar berre informasjon frå opne kjelder i forvaltninga, SVV eller andre faglege verksemder som TØI og NTNU. Her finst det mykje grundig og objektiv informasjon om store utbyggingsprosjekt.
Dokumentasjonen av dei negative konsekvensane som ei bygging av Hordfast vil få for Bjørnafjorden kommune og dei andre kommunane langs traseen, er skremmande og mest ikkje til å ta inn over seg.
Lobbyselskapet Hordfast AS driv systematisk påverknadsarbeid inn mot politikarane lokalt og nasjonalt. Nyleg sendte Hordfast AS eit brev signert av styret til dei folkevalgte i Vestland fylkesting. Brevet hadde som føremål å påverka dei folkevalgte sitt høyringsinnspel til ny NTP.
NMF har saman med Naturvernforbundet gått grundig gjennom innhaldet i dette brevet og funne ei rekkje feil og fleire svært tvilsame påstandar. Det vil koma for langt å ta alle detaljane i dette innlegget, men brevet vårt med kommentarar er tilgjengeleg for dei som ynskjer å lesa. God lesnad!
Roald Kvamme
Norges Miljøvernforbund