Catharina Bu: Catharina Bu har ei klar oppmoding til skulane i Bjørnafjorden kommune.

Vil du at din skule skal bli FN-skule?

Om vi ikkje forstår samanhengane mellom land og hendingar internasjonalt, manglar vi også ei forståing som er viktig for livet vi lever.

Søfteland Skule, Nore Fusa barneskule, og Hålandsdal og Strandvik Montessoriskule er FN-skular, men Nore Neset Barneskule er det ikkje. Eg håpar alle skulane her blir FN-skular slik at fleire unge får mogelegheita til å innhente enda meir kunnskap om internasjonale spørsmål, som FNs berekraftsmål, menneskerettane eller om arbeidet til FNs tryggingsråd.

Difor har vi i FN-sambandet over 500 FN-skular i Norge, slik at dei unge kan få meir kunnskap om FN, FNs arbeid og internasjonalt samarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

FN-skule i din kommune

FN-sambandets rollespel er vår mest populære aktivitet. I dette tverrfaglege opplegget skal elevane utføre eit rollespel kor dei skal simulere eit møte i FNs tryggingsråd om ein pågåande konflikt. Aktiviteten gjev elevane god trening i grunnleggjande ferdigheiter, og dessutan munnleg kommunikasjon, undring og utforsking, samfunnskritisk tenking og kunnskap om årsakssamanhengar. Vi håpar Nore Neset Barneskule vil bli FN-skule og vil bruke dette undervisningsopplegget.

Mange av dykk som les dette innlegget har tidlegare vore med på rollespel i FN- sambandets regi. Vi har jobba med undervisning om FN og internasjonalt samarbeid sidan 1946 og fram til i dag. Eg håpar at dykkar barn også får den kunnskapen og erfaringa frå desse rollespela, som kanskje du fekk då du gjekk på skulen.

FN-filuren

Dei skulane som i dag er FN-skular, får tilbod som FN-film, FN-avis, foredrag, FN-filuren for barna (FN-filuren er eit læremiddel om FN, barna sine rettar og om verdentil dei minste barna), og anna. Vi har kontor over heile landet, og vil gjerne møte unge for å gje dei ei betre forståing av den verda dei er ein del av.

Eg håpar du vil støtte at skulane i Bjørnafjorden skal vere FN-skular.

Catharina Bu

Generalsekretær i FN-sambandet