Vanskeleg: Utan at prosjektet mellom Stord og Bergen hadde fått pengar, hadde det vore vanskeleg å arbeida for ferjefri veg mellom Stord og Bergen uansett trasé.

Visjonen står ved lag

Det står ingenting om trasé i fylkestinget sitt vedtak, då dette er ei avgjerd som høyrer regjeringa til.

Fylkesutvalet i Vestland var tysdag 6. april invitert til å gje sitt svar på høyringa som transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har om ny nasjonal transportplan (NTP). Høyringa som fylkesutvalet vart samde om, hadde sitt utspring i fylkestinget sitt vedtak i saka frå 12. mai 2020. Der uttaler fylkestinget følgjande: «Fylkestinget merkar seg at sentrale representantar frå regjeringspartia i mai 2020 gjev oss støtte i betydninga av både å få rassikra E16 og å få bygd ferjefri E39. Me føreset at løyvingane til desse vert prioriterte i første del av planperioden».

Vidare sa fylkestinget: «Fylkestinget opprettheld visjonen om ein ferjefri E39.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Regjeringa har innfridd desse punkta i sitt framlegg til NTP. Det står ingenting om trasé i fylkestinget sitt vedtak, då dette er ei avgjerd som høyrer regjeringa til. Med bakgrunn i fylkestinget sitt vedtak og framlagd NTP, fann ikkje Sp i fylkesutvalet grunnlag for å be om at ferjefri E39 mellom Stord og Os vart teken ut av planen, til tross for partiet har eit uavklart standpunkt om traseval.

I fylkestingsprogrammet til Vestland Sp står følgjande: «Senterpartiet vil arbeide for å realisera ferjefri veg mellom Stord og Bergen med raskast mogleg oppstart av bru mellom Stord og Tysnes med utgangspunkt i sørleg kryssing av Langenuen».

Det vil me halda fram med å jobba for. Det første slaget står i Stortinget no til våren, og me er i god dialog med Stortingsgruppa for å få inn våre løysingar i Senterpartiet sin alternative transportplan. Men utan at prosjektet mellom Stord og Bergen hadde fått pengar, riktig nok berre ein milliard i første planperiode, hadde det vore vanskeleg å arbeida for ferjefri veg mellom Stord og Bergen om traseen er indre, ytre eller midtre.

Men det viktigaste slaget er å få skifta regjering slik at våre løysingar vert staten sin politikk.

Aleksander Heen

Gruppeleiar Sp

Vestland fylke