Framo fekk prestisjetung pris tysdag denne veka.

Kåra til Noregs smartaste industribedrift 2025

Prisen vart delt ut under Norsk Industrikonferanse i Oslo tysdag.

Publisert

Framo AS er ein av verdas leiande produsentar av pumpesystem for maritim og offshore-industri. Bedrifta, som mellom anna har lokale på Venjaneset i Bjørnafjorden, har dei siste åra gjort betydelege investeringar i automatisering, digitale verktøy og datadriven produksjon, noko som skal bidra til å forma framtidas industri i Noreg.

– Denne prisen er ei anerkjenning av det harde arbeidet og engasjementet til alle våre tilsette, seier administrerande direktør, Richard Sulen, ved Framo Flatøy AS i ei pressemelding.

– Me har satsa målretta på digitalisering, berekraft og innovasjon for å styrka konkurransekraften vår. Å bli kåra til Noregs smartaste industribedrift inspirerer oss til å halda fram denne reisa og bidra til ei meir berekraftig framtid, held direktøren fram.

Menneske i samspel

Dommarpanelet, som mellom anna bestod av representantar frå Norsk Industri og Siemens, trekte fram Framos evne til å kombinera avansert teknologi med involvering av tilsette.

– Framo er eit godt døme på korleis ein kan bruka teknologi, digitalisering og industriell spisskompetanse for å finna nye nisjar for nedsenkbare pumpesystem til havs. Frå å starta med å pumpa sild, til fornybar energi. No er dei verdsleiande på pumpesystem innan fleire område, konstaterte dommarane.

Framo vart grunnlagt i 1938 og har totalt 1.800 tilsette over heile verda.

Powered by Labrador CMS