Satsar på private og idrettslag: I førsteomgang skal verksemda til Kenneth Joseph (38) satsa inn mot både private og idrettslag, men “alle” er aktuelle kundar.

38-åringen kan vera redninga for dei tomme lokala i Os sentrum

Eit initiativ som kom nett til rett tid, var gnisten som skulle til for å starta eit nytt selskap.

Det er ti år sidan loddefjordingen Kenneth Joseph (38) flytta til kommunen og busette seg i Lysefjorden.

“Airbnb for tinga dine”

Han har ikkje gått stille i dørene desse åra. Gründeren har vore og er framleis med i fleire selskap. No er han del av eit team på fire som har starta opp det 38-åringen omtalar som “Airbnb for tinga dine”.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg har drive ein netthandelbutikk i fleire år og jobba for å få denne til å veksa. Eg bestilte to og tre pallar med varer om gongen. Éin gong kom eg i posisjon til å bestilla 12-13 pallar. Eg hadde ikkje plass i lokala i Kolskogen, og måtte rydda ut garasjen for å laga til “hurtiglagring”. Andre alternativ var ganske kostbare.

Samstundes kom ein kompis til og spurte om ikkje Joseph ønskte å vera med og satsa på minilager i Bergen.

— Det passa utmerkt i forhold til situasjonen eg stod i. Vi gjorde eit djupdykk ned i bransjen i forhold til delingsøkonomi. Resultatet blei “Spotten AS”. Vi er fire personar som står bak, seier Joseph og legg til:

— På vår plattform kan ein leiga ut alt frå ledig båtplass og garasjeplass og til lagringsplass og selskapslokale.

Vil auka inntektene til kommunen

Onsdag var MDG-topp Arild Hermstad på besøk i Bjørnafjorden. På rundturen med ulike stoppestader, var Joseph blant dei MDG ønskte å treffa for å høyra om nettopp Spotten AS. Saman med Marie Hauge og Silke Becker slo dei av ein prat på Kulí.

Joseph fortel at det gjerne skulle ha vore enklare å koma inn på kommunen og fått dei med på plattforma.

— Det kunne jo også ha ført til sårt trengde inntekter for kommunen, seier Hauge og legg til:

— Kommunen sit på mykje ledig areal, men kva gjer ein med det. Dette tek eg med meg. Vi er jo i ein posisjon der ein skal kutta kostnader, men minst like viktig meiner eg det er at ein aukar inntektene. Vi har foreslått eigedomsskatt, men får ikkje gehør for det. Det ligg eit inntektspotensial i bygga som står tomme. Det er også god sirkulær økonomi, seier Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Møtte Miljøpartiet dei Grøne: Dei to lokale MDG-representantane, Marie Hauge og Silke Becker, hadde med seg partileiar Arild Hermstad på rundtur i Bjørnafjorden onsdag.

— Gje meg Fjellheim, så skal eg få det leigd ut

Arild Hermstad viser til eit oppslag i media frå nokre år tilbake, då han sat som fungerande byutviklingsbyråd i Oslo.

— Eg hadde ansvar for heile bygningsmassen til kommunen. På det tidspunktet stod fleire 10.000 kvadratmeter tomme. Dette sette meg ikkje akkurat i eit godt lys, seier han og smiler.

Det kostar pengar å sitja på tomme bygg. Hermstad seier at ein av dei verkeleg store drivarane bak miljøutfordringane, er at ein i staden for å ta vare på gamle, slitne bygg, heller byggjer nytt.

Hauge trekkjer fram Fjellheim som eit godt lokalt eksempel. Eit gamalt bygg som har stått til forfalls i ei årrekkje, og som treng millionar for å setjast i stand. Her har det i ei årrekkje blitt snakka fram og tilbake om riving eller ikkje, sal eller ikkje, utleige eller ikkje.

— Gje meg Fjellheim, så skal eg få leigd det ut, seier Joseph og ler.

Sjenerande biltrafikk i sentrum

Representantane frå MDG snakka også om dei ledige lokala i Os sentrum. Joseph fortel at alle byggeigarane er velkomme til å annonsera på Spotten.

— Eg veit ikkje kva som er årsaka til at fleire lokale står tomme. Kan henda det vil hjelpa med eit generasjonsskifte hos byggeigarane, og at ein tenkjer nytt i forhold til utleige - at det i større grad blir opna for pop-up-butikkar, og korttidsleie for å finna ut kva som fungerer.

MDG meiner at det nok også ville ha vore ein fordel med bilfritt sentrum. Den tanken deler Joseph.

Artikkelen held fram under annonsen.

— No skal ikkje eg bli politisk her, seier han og smiler.

— Men eg reiser heller til Bergen sentrum for å tråkka med borna mine. Det er tryggare å ferdast der enn her, med all biltrafikken gjennom gatene.

38-åringen har tre born og er engasjert i fleire fotballag som trenar. Innovatøren har også ein “vanleg jobb" i tillegg til å vera gründer på si.

— Som familiemann må eg ha ei stabil inntekt i tillegg til dette, som eg må jobba med når det høver seg.

Tru på framtida: Joseph fortel at det i dag er 400 brukarar på plattforma, og at dei har stor tru på satsinga.

Har ambisjonar om tilsette i 2025

Gründeren har stor tru på framtida til Spotten. Før dei for alvor går i gang med marknadsføringa, har dei 400 brukarar på plattforma. I desse dagar er dei på utkikk etter investorar som kan bidra til at arbeidet dei siste tre åra for alvor blir realisert.

— Målgruppa vår er stor. Vi set i førsteomgang inn støyten mot private som ønskjer å leiga ut ledig bod- og garasjeplass, samt idrettslag som sit på eit stort inntektspotensialet i byggmassen sin, seier Joseph og held fram:

— Det er om lag 3.000 idrettslag i Noreg som eig og driftar bygningsmassane sine sjølve. Målet vårt er å hjelpa dei å få inn ekstra midlar til klubbkassen gjennom utleige til ulike formål. Det kan vera lagring, kontorplass eller selskapslokale, til dømes.

— Det er vel ikkje slik at de jobbar gratis?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Nei, vi må ta ein andel sjølvsagt. Men det skjer først etter at ein har fått leigd ut.

Per i dag er det ingen tilsette i verksemda. Spottens fire gründerar håpar at det vil endra seg ganske snart.

— Målet er å ha tilsette i 2025 allereie. No må vi berre henta inn litt kapital og få fart på marknadsføringa, seier Joseph.