Frå laurdag: Dersom HK og Virke ikkje blir samde innan fristen ved midnatt natt til i morgon, laurdag, blir det streik frå arbeidstidas start laurdag.

Denne butikken kan bli tatt ut i streik

Handel & Kontor (HK) braut forhandlingane med Virke 6. april.

Dersom HK og Virke ikkje blir samde innan fristen ved midnatt natt til i morgon, laurdag, blir det streik frå arbeidstidas start laurdag.

Meny Os er ein av butikkane som i så fall kan bli tatt ut i streik.

Artikkelen held fram under annonsen.

HK har tre krav til arbeidsgjevarane: Auka kjøpekraft, høgare tillegg for arbeid på kveldar og søndagar og full løn under sjukdom.

– Kampviljen er stor, sa HK-leiar Christopher Beckham før meklinga starta i går.