Spent: Tone Havneraas jublar over eit supert fjorår. No er ho spent om oppgangen held fram i 2024.

Rekordår: – Ingen tvil om at nyevegen har hatt sitt å seia

Omsette for 4,5 milliardar kroner i 2023. Senterleiaren fortel om ein oppgang på heile 7,3 prosent.

– I disse tider, er denne oppgangen heilt fantastisk. Både med tanke på omsetning og tal besøkande, var 2023 eit fabelaktig år for oss, seier senterleiar ved Lagunen, Tone Havneraas.

I 2022 hadde storsenteret, som per dags dato er Noregs største med sine 80.142 kvm, ei omsetning på 4,2 milliardar. I fjor steig altså omsetninga til 4,5 ,milliardar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein så stor auke er vanskeleg å ikkje sjå i samanheng med opninga av nye E39 frå Os. Me har ikkje utført undersøkingar på dette enno, men inntrykket er heilt klart at bjørnafjordingane har vore oftare på besøk til oss etter at den nye vegen stod ferdig 31. oktober 2022, seier Havneraas.

Ho har vore sentlerleiar på Lagunen sidan 2013.

– Tida har gått fort, og det har skjedd veldig mykje her, slår Havneraas fast.

Etter utvidinga og ombygninga av senteret i 2018, har senteret no totalt 191 butikkar.

– I fjor passerte passerte me 8,1 millionar kundar. Det var ein oppgang på fem prosent frå 2022, fortel Havnerås.

191 butikkar: Lagunen storsenter har 191 butikkar etter fornyinga i 2018 og 2019.

Vekst for heile huset

Senterleiaren har fått rapport frå kinosjefen om ein stor auke også der.

– Kinoen opna i 2019, og har hatt stor oppgang i talet besøkande det siste året. Derifrå vert det rapportert om at svært mange frå Bjørnafjorden finn vegen, fortel senterleiaren.

Nyevegen har også opna for fleire kundar frå Tysnes og Stord og Haugesund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det kan vår «personal shopper» stadfesta.

– Personal shopper?

– Ja, det har me hatt i over ti år. Det er ein som er med kunden og shoppar, guider, gjev råd og kjem med innspel. Ho som jobbar her hos oss, har fortalt at ho har hatt fleire kundar frå Os og Tysnes den siste tida.

– Kor mange er det som nyttar personal shopper?

– I fjor hadde ho 230 kundar.