1,7 prosent: Partane er samde om ei økonomisk ramme for årets lønsoppgjer på 1,7 prosent.

Unngjekk streik - vart samde 23 timar på overtid

Norsk Industri (NHO) og Fellesforbundet (LO)/Parat har kome fram til ei løysing for årets lønsoppgjer.

Meklingsfristen gjekk ut kl. 24.00 torsdag, men meklinga heldt fram på overtid - heilt til like før kl 23 fredag kveld. Då vart partane samde om ei økonomisk ramme for årets lønsoppgjer på 1,7 prosent.

Norsk Industri (NHO) og Fellesforbundet (LO)/Parat møttest først 3. august til lønsforhandlingar. Det blei brot i forhandlingane få timar etter at dei hadde starta. 4. august møttest partane til forhandling hos Riksmeklaren. 16. august blei det brot i meklinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå måndag 17. august har meklinga vore tvungen, opphavleg med frist kl 24 torsdag.

Rekordlange 23 timar på overtid kome ein altså til semje, skriv FriFagbevegelse.

Same nettstad skriv at oppgjeret endte med eit generelt lønstillegg til alle på 50 øre timen, om lag 1.000 kroner året. Lågtløna i tekstilindustrien får i tillegg eit særskilt tillegg på 1,50 kroner. Minstelønnssatsene øker mellom 7,50 og 8,50 kroner.Tillegga gjeld frå 1. april.

– Fellesforbundet har tilrådd denne løysinga, og Norsk Industri aksepterer ho. Ramma er på 1,7 prosent, stadfestar forbundsleiar Jørn Eggum, skriv FriFagbevegelse.

Norsk Industris direktør Stein Lier-Hansen la vekt på at det sat langt inne å koma til semje, og at riksmekler Mats Ruland måtte leggja fram ei skisse.

– Løysinga reflekterer at det er store ulikskapar i næringslivet. Difor var det veldig viktig for oss med eit lågt generelt lønstillegg. Mykje skal skje i dei lokale forhandlingane ute i bedriftene, seier Lier-Hansen.

28.000 arbeidstakarar i industribedrifter over heile landet, deriblant 262 organsierte ved Framo Fusa, kunne blitt tatt ut i streik om ikkje partane hadde kome til semje.

Norsk Industri sa tidleg i forhandlingane at det viktigaste var å behalda arbeidsplassar, ikkje heva lønene. Dette på grunn av den ekstraordinære koronakrisas påverknad på industrien.

Artikkelen held fram under annonsen.

Parats forhandlingsleiar Kjell Morten Aune uttalte at Parat var misnøgd med Norsk Industris linje i forhandlingane og kravde at minstelønssatsen vert heva.

– Skal vi lukkast må Norsk Industri innta ei anna vilje til løysing enn det dei har vist under forhandlingane, uttalte Aune til Parat24 før det førebuande møtet hos Riksmeklaren.