Null rus, men to køyrde for fort

Benjamin Olsen
nytt

Det melde politiet onsdag kveld.

Først stod Utrykkingspolitiet (UP) oppstilt ved 80-sona på Halhjemsvegen i nokre timar onsdag. Der kontrollerte dei fart. Åtte bilistar fekk eit forenkla førelegg. Éin førar er meld etter ikkje å ha vedteke førelegget.

Då kontrollen var omme i 20-tida, hadde patruljen eit opphald før dei var i sving igjen på Halhjem. I kontrollen vart førarar på veg i begge retningar kontrollerte.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit, opplyser at her fann ikkje UP noko å reagera på.

Patruljen var ikkje ferdige for kvelden. Etter å ha pakka saman på Halhjem, stilte dei seg opp ved 70-sona på Halhjemsvegen.

Der kontrollerte dei i tre kvarter både hastigheit og promille.

Kolltveit skriv i ei melding at resultatet blei to forenkla førelegg, der høgaste hastigheit skal ha vore 84 km/t i 70-sona.

– 37 bilførarar kontrollerte for promille. Ingen reaksjonar, skriv Kolltveit.

Powered by Labrador CMS