Bedne om å levera fyrverkeri til politiet

Kenneth Svenningsen
nytt
Politipatruljen frå Bergen i prat med ein av ungdomane dei mistenkte hadde vore med på å fyra opp fyrverkeri.

Politiet har oppretta sak etter at tre ungdomar vart tekne etter melding om opptenning av fyrverkeri ved Nore Neset barneskule tysdag kveld. Politiet fekk melding litt over klokka 17.00 og påtrefte deretter tre gutar i ungdomsskulealder. Ein av dei tre skal ha vedgått at dei hadde tente på fyrverkeri.

– Patruljen som prata med gutane var frå Bergen, men me har no overteke saka. Me har gjort avtale med ein av gutane om at vedkomande skal levera frå seg alt fyrverkeriet til oss her på politistasjonen på Moberg i morgon, seier Anne Lyssand ved Bjørnafjorden politistasjon.

Ho legg til at dei også fekk melding om bråk og banking på dører og vindauge til Nore Neset Arena i same tidsrom tysdag kveld, men presiserer at ho ikkje veit om ungdomane som vart tekne med fyrverkeri, hadde noko med den saka å gjera.

Powered by Labrador CMS