Sikta inn i tunnelen med fartsmålaren

Benjamin Olsen
politi nytt

I Endalausmarka stod politiet ved Lyshorntunnelen fredag for å kontrollera hastigheita på køyretøya på veg sørover.

Det er ikkje opplyst kor lenge dei var på staden, men dei fann i alle fall ikkje mykje å reagera på.

Kontroll. Politiet stod på utsida av tunnelen og kontrollerte bilar som kom frå Rådalen.

I ein e-post til avisa, opplyser politet om to forenkla førelegg. Høgaste hastigheit skal ha vore 115 km/t i 100-sona.

Det vert samstundes opplyst om promillekontroll på Halhjem fredag, utan at det vert formidla resultat frå denne kontrollen.

Powered by Labrador CMS