Relatert innhald
"Ikkje heilt heldig køyring"
Litt etter klokka 13 tysdag fekk politiet melding om ein motorsykkel med stor fart, høg lyd og nokre forbikøyringar som i fylgje meldar "ikkje var heilt heldige".
Føraren var ein mann i 60-åra, men det vart ikkje gjort nokre operative tiltak frå politiets side. Politiet hadde ikkje opplysningar om kor køyringa fann stad.
Kvinne i 60-åra meld til politiet
I halv fire-tida tysdag ettermiddag kontrollerte politiet ein kvinneleg bilist like ved Vallabrua. Kvinna blåste til 0 på alkometeret, men vert meld for køyring utan gyldig førarkort.
Må ut med over 10.000 kroner
Tysdag ettermiddag gjennomførte politiet ein åtferdskontroll på Hatvikvegen. Ein førar fekk eit forenkla førelegg på 10.450 kroner for bruk av mobil under køyring.
– Konteinarane er for besøkande på gravplassen
Dumpa i helga: Dei seinaste dagane er det nokon som har dumpa fleire syklar i grøntkonteinarane ved kyrkjegarden i Os sentrum. Privat Mellom "Tunet" og gravplassen i Os sentrum, står det konteinarar. Desse er for driftsavdelinga og ikkje minst dei som vitjar gravplassane. Men her er det også andre som får det for seg at det er greitt å kasta alt mogleg oppi, og sleppa turen til BIR i Kolskogen.
– Etter helga er det dumpa fleire syklar i konteinarane for grøntavfall. For oss er dette ekstraarbeid og ekstra kostnad dersom vi sjølv må betala for å levera det til avfallstasjonen, seier driftsleiar Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd, Kenneth Molland.
Det er ikkje første gongen at dei opplever dette, fortel Molland.
– Vi har funne "alt mogleg" oppi konteinarane. Spesielt etter helgane. Ja, vi kan låsa konteinarane, men då er vitsen med å ha dei der borte. Folk må jo kunna nytta dei til det dei faktisk er der for.
Melding om forlaten motorsykkel
Kring klokka 9 måndag morgon, fekk politiet melding om ein motorsykkel som stod ved Lyse Kloster. Meldar skal ha lurt på om det hadde skjedd noko, eller om kanskje sykkelen var stolen.
– Politiet kontakta rett eigar, som sa at han hadde hatt problemer med køyretøyet og den ville blir henta/fjerna innan kort tid. Dersom sykkelen ikkje blir henta tysdag, vil politiet rekvirera bergingsbil, då køyretøyet står i ei møtelomme.
Ruskontroll: Politiet sjekka 102 førarar
Måndag morgon var politiet på plass på ferjekaien på Halhjem. Det opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post. Der gjennomførte dei ruskontroll. I kontrollen skal dei ha sjekka 102 førarar, og politiet skal ikkje ha funne noko å reagera på.
Fekk 8.000 i gebyr
Statens vegvesen hadde torsdag kontroll på Svegatjørn kontrollplass. 92 køyretøy vart kontrollert.
Dette vart resultatet:
Eitt firma hadde ikkje fått på plass nytt løyve i køyretøyet. Dette resulterte i et gebyr på 6.000 kroner og bruksforbod inntil nytt og gyldig løyve var på plass.
Éin førar måtte sikra lasten sin betre før vidare køyring.
Eitt køyretøy fekk teknisk mangel grunna manglande skjerming av hjul.
Eitt køyretøy fekk teknisk mangel grunna feil med lysutrustning.
Seks førarar blei kontrollerte på køyre- og kviletid. Her blei det gitt 13 åtvaringar fordelt på fem førarar grunna mindre brot på reglementet.
Éin førar hadde eit større brot og vil få eit gebyr på 1000 kroner for dette.
- Ein annan førar hadde strekt strikken litt for langt, med tanke på kor lenge ein kan køyra utan helgekvile og vil bli politianmeldt for forholdet, skriv vegvesenet i ei pressemelding.
Eitt firma fekk eit gebyr på 8.000 kroner for ikkje å ha gyldig bombrikke-avtale.
- Alle køyretøy over 3.500 kilo som går i næring skal ha gyldig bombrikke, opplyser vegvesenet.
Observert på taket på Amfi
Torsdag kveld blei det, ifølgje politiet, observert ein ungdom på taket på Amfi.
- Ifølgje meldar skal guten ha gått rundt på taket i kring 20 minutt før han gjekk ned, sette seg i ein bil og køyrde frå staden. Ingen operative tiltak fra politiets side, opplyser Anne Lyssand, fagleiar for førebyggjande og politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Var på førebyggjande runde i sentrum
Torsdag ettermiddag var politiet på ein førebyggjande runde i området Os sentrum og Os bussterminal.
- Alt gikk stille og roleg for seg i sentrum. Ingenting å nemna om ungdoms åtferd, fortel Anne Lyssand, fagleiar for førebyggjande og politikontakt ved Bjørnafjorden politistasjon.
Politi og vegvesen med kontroll
Torsdag ettermiddag gjennomførte politiet ein adferdskontroll saman med Statens Vegvesen i Kolskogen. 29 tunge og fire lette køyretøy blei rustesta. Ingen reaksjonar.
Veg open att etter bilberging
Lyseklostervegen, like vest for Lysekloster-ruinane, var fredag kveld stengt grunna bilberging. Ein personbil skal ha hange delvis utforbi vegbanen.
Bilbergar vart rekvirert, og etter ca 30 minutt, vel kl 18, var vegen open att for fri ferdsel.
Ole Bulls veg stenger
Ole Bulls veg vert stengt for all ferdsel (gåande, syklande og køyrande) i perioden måndag 17. mars klokka 9:00 - fredag 4. april klokka 16:00. Det melder Bjørnafjorden kommune på si heimeside.
Veg vert stengd
Søvikåsen (Ole Bulls veg) blir stengd onsdag frå klokka 10 til 16 grunna arbeid med høgspent. Det opplyser kommunen på sine heimesider.
Hagaåstunnelen open igjen
Fv49 Hagaåstunnelen i Samnanger er no kl. 13.51 open att for fri ferdsel. Tunnelen vart fyrst heilt stengd, før farten vart mellombels satt ned på grunn av ein bil med stans. Det var då smal passasje på staden. Fyrste meldinga frå Vegtrafikksentralen kom kl. 12.29 tysdag.
EL-sparkesykkel stolen på Os ungdomsskule
Litt før klokka 14 måndag fekk politiet melding om at ein EL-sparkesykkel hadde blitt stolen på Os ungdomskule. Sykkelen vart funnen ved Os bussterminal like etter. Ein gut under 15 år skal ha stole han og brukt sykkelen frå ungdomsskulen og dit. Meldar ynskte ikkje å melda.
Bil skadd etter hjortekrasj
Måndag kveld i halv ni-tida vart ein hjort påkøyrd på E39 Halhjemsvegen. Hjorten kom frå retning Lekvenvatnet, sprang inn i sida på bilen og forsvant. Det vart ingen personskade, derimot oppstod det skader på bilen. Ettersøksringen vart varsla. Ingen operative tiltak fra politiets side, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.
Lepsøyvegen skal få ny asfalt
Vestland fylkeskommune har fått 120 millionar kroner til nytt vegdekke i 2025/2026.
Fire kontraktar er fordelte, éin av dei strekkjer seg over to år.
Veidekke Industri AS har fått den to-årige kontrakten som dekker heile Vestland.
Totalt skal det leggjast 41.000 tonn asfalt over to år (21.000 tonn i 2025 og resten i 2026). 167 kilometer veg skal få nytt dekke.
I Bjørnafjorden blir det, anten i 2025 eller 2026, asfaltering av Fv 5150 Lepsøyvegen/Røtingavegen inkludert snuplass. Her kjem det 3.830 meter ny asfalt.
Kjøper ny politibåt
Vest politidistrikt har inngått ein avtale med den norske båtprodusenten Goldfish om kjøp av ny politibåt, ein Goldfish M12. Det opplyser politiet i ei pressemelding.
- Båten vil styrka vår beredskap og evnen til å handtera oppdrag i kyst- og sjøområde. Anskaffelsen kjem etter fleire problem med den forrige politibåten som til slutt måtte setjast på land, heiter det i pressemeldinga.
- Derfor er vi glade for å ha fått på plass denne avtalen på såpass kort tid. Goldfish M12 er ein velprøvd båttype som allereie er i bruk både i politiet og forsvaret. Erfaringane frå andre er at dette er eit solid verktøy for beredskap og operativ innsats, seier leiar for Felles operative tjenester i Vest politidistrikt, Kjetil Rekdal.
Politibåt Politiet Straumbrot på Nore Neset
Fredag føremiddag har fleire vore utan straum i området Nore Neset/Hagavik. På det meste var 788 kundar berørte. Klokka 10.49 er 81 kundar utan straum. Problemet er forventa utbetra kl 13.
Straumbrot Skjermdump/BKK Kaare Songstad sluttar som politimeister
Måndag 17. mars går politimeister i Vest politidistrikt, Kaare Songstad til Politidirektoratet. Der skal han leie eit viktig utviklingsarbeid, heiter det i ei pressemelding frå Vest politidistrikt.
Songstad har vore politimeister her vest sidan 1. januar 2016. Innbeordringa er i første omgang på eitt år.
Visepolitimeister Ane Kvaal blir konstituert som politimeister i Vest inntil videre.