Traktor og personbil involvert i trafikkuhell

Camilla Kvamme
nytt

Like etter klokka 12 laurdag vart politiet varsla om ein samanstøyt mellom ein traktor og ein personbil i Hisdalen/Samnangervegen.

– Det er ikkje meldt om personskade, men ein del materielle skader, opplyste Vest politidistrikt på X.

– Det var tre personar i bilen, og éin i traktoren. Sannsynlegvis har uhellet skjedd av di traktoren svingte av vegen samstundes som bilen køyrte forbi, fortel politistasjonssjef i Kvam og Samnanger lensmannsdistrikt, Terje Sperrevik.

Powered by Labrador CMS