Relatert innhald
Varslar streik frå morgonen 28. mai
Fagforbundet har i ettermiddag varsla KS og dei råka kommunane om eit eventuelt streikeuttak.
Det opplyser Fagforbundet Vestland i ei pressemelding.
Det er varsla at heile 8.700 medlemmer kan bli tekne ut i streik i kommuneoppgjeret.
Totalt er det tale om uttak av 838 medlemmer i Vestland i denne omgang.
Desse er fordelt slik på dei ulike kommunane:
Bergen kommune – 328
Øygarden kommune – 85
Kinn kommune – 83
Sunnfjord kommune – 37
Voss herad – 36
Årdal kommune – 46
Bjørnafjorden kommune – 39
Alver kommune – 42
Askøy kommune – 31
Kvinnherad kommune – 30
Stord kommune – 41
Ullensvang kommune – 40
Stumpa sigarett i tørr potteplante
Det skal ha vore eit mindre branntilløp på ei adresse i Os onsdag kveld.
Politiet opplyser at 110-sentralen melde at dei hadde rykt ut til ei adresse. Der skal det ha blitt stumpa ein sigarett i ein tørr potteplante.
– Dette førte til eit mindre branntilløp som igjen hadde spreia seg til terrassen. Om lag eit par kvadratmeter av terrassen blei påført brannskader. Brannen blei sløkt etter kort tid. Ingen skade på personar. Politiet har avhøyrd mistenkte og sak vert oppretta, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.
Trugande person på døra
Laurdag kveld i 23-tida fekk politiet melding om ein trugande person som var på døra til nokon.
Vedkomande skal etter kvart ha gått frå staden og det skal dermed ikkje ha vore behov for assistanse frå politiet.
Dei fornærma i saka skal ifølgje politiet vurdera å melda forholdet i ettertid.
Feststøy: Meldar blei beden om å gripa inn sjølv
Først skal politiet ha fått klager på feststøy frå ein båt ved Os hamn i 18-tida på 17. mai. Då skal ikkje politiet ha hatt kapasitet til å rykkja ut.
Nokre timar seinare, etter at klokka bikka midnatt, kom det ny melding på same båt med same problemstilling.
– Politiet hadde framleis ikkje kapasitet til å rykkja ut, og meldar blei beden om å forsøka å be dei skru ned musikken sjølv, skriv politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post.
Stoppa klokka 04.00 i Industrivegen
Ein mann i 40-åra frå Bergen er meldt og mista førarkortet etter å ha blitt stoppa av politiet natt til 17. mai.
Politiet opplyser å ha stansa mannen i ein bil i Industrivegen i 04.00-tida. Førar skal så ha blåst raudt, og blei teken med til legevakt for utvida blodprøve.
Fann pose med kvitt pulver
Ein person er meld av politiet etter at vedkomande blei ransaka i Os sentrum.
Politiet skal ha gjort funn av ein pose med kvitt pulver på personen. Bakgrunnen for kontrollen skal ha vore at vedkomande var rusa og drakk øl i sentrum.
Halhjem–Sandvikvåg: C-avgangen startar opp igjen
Klokka 17.20 la Torghatten ut melding på nettsida si om at delar av sambandet (rute C) på ferjestrekka Halhjem–Sandvikvåg er innstilt på grunn av tekniske årsaker.
Kort tid seinare vart det opplyst avgangen skal vera i rute igjen frå klokka 19.
Ferjeruter innstilt på 17. mai
Fjord1 melder om endringar på sambandet Hatvik-Venjaneset 17. mai.
Siste tur frå Venjaneset kl. 23 og frå Hatvik kl. 23.20 vert innstilt.
Stoppa ikkje ved stopp-skilt
Torsdag ettermiddag hadde UP trafikkontroll i Lepsøykrysset.
Tre førarar fekk førelegg for ikkje å ha stansa ved stopp-skiltet i krysset.
Éi melding etter kontroll
Utrykkingspolitiet gjennomførte promillekontroll på Halhjem ferjekai onsdag formiddag.
Det oppylyser politiet i ei melding til avisa.
Der skal 56 trafikantar ha blitt sjekka for rus, utan utslag.
Men kontrollen skal ha resultert i éi melding. Dette grunna køyring utan gyldig førarkort.
Måtte ut med 1.000 kroner kvar
Tysdag hadde Statens vegvesen ny kontroll på Svegatjørn kontrollplass.
Under kontrollen blei følgjande avdekt:
Fire sjåførar fekk tilsaman seks åtvaringar for mindre brot på reglane for køyre- og kviletid. To av førarane fekk også kvart sitt gebyr på 1.000 kroner for to større brot. Her fekk også transportørane to gebyr på 2.000 for dei same brota.
- Ein førar fekk bruksforbod for ikkje å ha trekt ut bakre underkøyringshinder (for stort overheng bak)
- Fem fekk bruksforbod for sikthindrande gjenstandar i frontruta. Her var det snakk om mobilar/gps, namneskilt, plakatar og andre pyntegjenstandar. Gjenstandar som hindra utsyn måtte fjernast før vidare køyring.
- Tre bruksforbod i samband med farleg gods. Her var det snakk om eit mangelfult utfylt transportdokument, ikkje godkjend brannsløkkingsapparat og mangelfull sikring av godset.
- Eit bruksforbod for manglande stadfesting på disposisjonsrett over motorvogn (manglande leige/leasingavtale då transportør ikkje var registrert eigar av motorvogn). Som løyvehavar må du alltid kunna bekrefta disposisjonsretten over den aktuelle motorvogna som vert brukt til den løyvepliktige transporten. Dette for å hindra at løyve ikkje vert "lånt" ut til andre transportørar.
- Sju køyretøy fekk tekniske mangellappar for luftlekkasje, skada kjennemerke, skada frontrute, heng på bremser og manglande skjerming av hjul/skvettlapp.
Tal på tunge køyretøy over kontrollplass: 115
Tal på kontrollerte lette køyretøy: 5
Tal på kontrollerte for manglande bruk av bilbelte: 35
Tal på sendte rapportar: 1
Tal på bruksforbod: 10
Tal på køyretøy med skriftlege manglar: 7
Tal på sjåførar med brot på køyre- og kviletid: 4
Tal på ADR (farleg gods) - køyretøy med brot: 1
Trur gut vart tvungen til å stela
Tysdag kveld ca. kl. 20.12 mottok politiet melding om eit tjuveri frå ein butikk på Amfi Os.
Mest sannsynleg vart guten, som er 15 år, tvungen til å stela av en gjeng, opplyser politiet i Os i ein e-post til Os & Fusaposten onsdag morgon.
Hendinga blir følgt opp i det førebyggjande sporet.
Hattrick på fem minutt
Thomas Stene Spilde blei den store spelaren då Os tok ei ny siger i helga.
Han skåra tre mål i løpet av berre fem minutt i andreomgang av oppgjeret mot Lyngbø på Kuventræ laurdag.
Det var Vegard Leikvoll Moberg som gav Os leiinga i førsteomgang.
1–0 skulle stå seg til det var om lag 15 minutt att. Då skåra Stene Spilde sine tre mål på fem minutt. Som om ikkje det var utruleg nok, fekk også Mathias Sivertsen registrert ei skåring mellom Stene Spilde si skåring nummer to og tre. Os vann med overbevisande 5–0.
Etter å ha opna sesongen med tre strake tap, har dei gule og svarte tre sigrar på rappen der dei har levert til 16–1 i målskilnad, og med det verkeleg fått opp dampen.
Kjempa seg tilbake
Det skal argumenterast godt for å overbevisa nokon om at det er keisamt å sjå Osdamene i aksjon.
På fem kampar denne sesongen, er det skåra 32 mål. Eit snitt på 6,4 mål per kamp.
Dei har skåra like mange som dei har sleppt inn.
Laurdag kveld gjesta Bjarg Kuventræ. Etter to skåringar frå Anna Ferkingstad, såg det ut til å gå mot tap for heimelaget.
Men først reduserte Andrine Brunvatne Kvittingen, før Amalie Aunet Frekhaug på overtid sytte for poengdeling med ei straffeskåring.
Nest nedst på tabellen
Det har butta imot for Lysekloster så langt denne sesongen. Dei har gjort det for vane å ta leiinga, for så å ikkje klara å halda på denne.
Det skjedde også i borteoppgjeret mot Træff søndag.
Skåra: Alexander Dang skåra i borteoppgjeret mot Træff, men Lysekloster reiste frå Molde utan poeng. Camilla Kvamme Ei vanskeleg oppgåve blei tøffare då Kristoffer Nesse Stephensen fekk raudt kort etter 24 minutt, men Alexander Dangs skåring gav Lysekloster ei vitamininnsprøyting rett før kvilen.
Heimelaget utlikna på straffespark etter 69 minutt, før dei kort tid før kampen var omme, tok leiinga og med det sikra seg tre poeng.
Lysekloster ligg på nest siste plass i PostNord-ligaen etter å ha spelt seks kampar.
To frå Bjørnafjorden til landsfinale
Vestland sender 41 deltakarar til landsfestivalen i Trondheim 21.–25. juni innan dei fleste kulturuttrykka og arrangørgruppene.
UKM: Magnus Godøy under UKM Bjørnafjorden i februar. Benjamin Søgnen Olsen Etter først å ha vist seg fram lokalt og regionalt, er to deltakarar frå Bjørnafjrordne klare for Trondheim i juni.
Dei to er Magnus Godøy og Solveig Furu.
Hysja på personar i hage
Politiet tok turen til Lekven natt til søndag. Dette fordi at det skal ha blitt spelt høg musikk på ei adresse i området.
I ein e-post skriv politioverbetjent Anne Lyssand at det var 12 personar ute i hagen på den aktuelle adressa.
– Eigaren fekk pålegg om å dempa musikken, skriv ho.
Meldinga skal ha kome i 02-tida.
Falsk alarm
Kl. 12.44 laurdag fekk politiet melding om ei trafikkulukke via automatisk varsling (E-call). Det viste seg at vedkomande hadde mista mobilen som sende ut e-call, og at alt var i orden.
Råkøyring i Lyshorntunnelen
Kl. 17.27 laurdag fekk politiet melding om ein bil som køyrde i høg hastigheit i Lyshorntunnelen. Bilen vart ikkje kontrollert.
40 personar kontrollert på Halhjemsvegen
Torsdag kveld i nitida gjennomførte politiet ein ruskontroll på E39 Halhjemsvegen. 40 personar vart kontrollerte, men ingen utslag.